Tannpleiar er eit yrke der ein jobbar med å pleie tenner. Tannpleiarar samarbeider ofte med tannlegar.
Ein tannpleiar kan for eksempel
- undersøke munnen og tennene
- fjerne tannstein
- ta røntgen av tenner
- undervise i korleis ein pussar tennene
- pusse og polere tenner
Dei kan òg ha andre oppgåver innanfor tannhelse. Tannpleiarar har teieplikt.