[go: up one dir, main page]

Teikning av eit slaveskip. Teikninga viser eit tversnitt av skipet, og eit dekk vist rett ovenfra. På dekket er det teikna inn mange menneske (fleire enn 250) som ligger tett, tett saman utan plass til å røre seg. Tverrsnittet viser at det er to slike dekk fylt med slavar i heile skipets lengde. I tillegg viser tverrsnittet to mindre dekk som også er fylt med menneske.
I løpet av kolonitida blei menneske frå fleire stader i Afrika selde som slavar. Så blei dei frakta over Atlanterhavet med store skip. Teikninga viser kor mange menneske som kunne bli trykte inn på dekka til eit slaveskip.
Teikning av eit slaveskip
Av /Getty Images.

Slaveri er ei ordning der menneske blir sett på som varer og eigedelar. Då kan andre menneske selje, kjøpe og eige dei.

Ein person som blir eigd av andre blir kalla slave. Dei har ingen eller svært få rettar. Mellom anna får dei ikkje lønn for jobben dei gjer. I kolonitida gjorde slavane mange av dei tyngste jobbane i samfunnet.

Slaveri har eksistert i mange kulturar og historiske periodar, men det har fungert på ulike måtar. Det er er for eksempel store forskjellar på slaveriet i

Det finst òg slaveri i dag.

Slaveri i antikken

Veggmåleri av slavar
Slavane som arbeidde i gruvene hadde dei verste levekåra i den greske antikken.

Slaveri var vanleg i både Romarriket og det antikke Hellas. Slavane kunne vera krigsfangar, forbrytarar eller folk som blei tekne til fange av sjørøvarar og bandittar. I tillegg fanst det folk som var fødde som slavar, eller lét seg bli slavar, for ei viss tid.

I desse samfunna var det ikkje uvanleg at slavar blei sette fri etter lang teneste. Slavane var ein del av samfunnslivet på ein annan måte enn i andre former for slaveri.

Slaveri i Europa

Lenger nord i Europa var det òg vanleg at rike folk og storbønder hadde slavar. I Noreg blei dei kalla trælar. Dei fleste av dei var folk som blei bortførte av vikingar på tokt. Trælane var ikkje ein like viktig del av samfunnet som i antikken, men dei gjorde det enklare for dei rike å bli rikare. Mellom anna fordi dei ikkje trong å betale lønn til trælane.

Slaveriet i Europa forsvann på 1200-talet, og blei erstatta av ei mildare form for slaveri som blir kalla liveigenskap.

Slaveri i kolonitida

På 1500-talet fekk land i Europa koloniar i andre delar av verda. Éin av ressursane dei var ute etter var arbeidskraft, i form av slavar. Dei neste hundreåra førte slavehandelen over Atlanterhavet til at fleire millionar menneske frå Afrika blei slavar i koloniane i Nord- og Sør-Amerika. I denne perioden blei slaveri knytt til rasisme i endå sterkare grad enn før.

Med den industrielle revolusjonen blei slavar mindre viktige som arbeidskraft, samtidig som fleire protesterte mot slaveriet. Utover 1800-talet bestemte fleire og fleire land seg for å forby slaveri.

Slaveri andre stader i verda

I fleire samfunn i Midtøsten, Asia og Afrika hadde dei òg slavar. Dei arbeidde ofte som tenarar heime hjå rike folk. Arbeidet for desse slavane var litt lettare, enn for dei som jobba for eksempel på plantasjar eller i gruver. I desse samfunna heldt slaveriet fram heilt opp mot 1900-talet.

Slaveri i dag

I menneskerettane, som FN vedtok i 1948, er alt slaveri forbode. Trass i dette forbodet er det mange som lever i slaveri i dag. Mange er slavar, fordi dei skuldar mykje pengar eller er offer for menneskehandel.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • slave
  • slavehandelen over Atlanterhavet
  • kolonialisme

Faktasjekk av

James Godbolt
Professor, Universitetet i Sørøst-Norge