[go: up one dir, main page]

Foto av mann i rullestol, som er på tur med sonen og hunden sin
Det finst ulike typar rullestol, etter kva dei skal brukast til og kven som skal bruke dei. Stolane ein brukar til å transportere seg fra stad til stad ute, har kraftige hjul og motor.
Foto av mann i rullestol, som er på tur med sonen og hunden sin
Av /NTB.

Rullestol er ein stol med hjul på. Det er eit hjelpemiddel som gjer det lettare å kome seg frå éin plass til ein annan, utan å måtte bruke beina.

Rullestolar er viktige for folk med rørslehemming eller sjukdommar som gjer at dei ikkje kan gå, eller blir slitne av å gå. Mange kan trenge rullestol på eit tidspunkt i livet, til dømes om ein brekker eit bein, eller når ein blir gamal. Ulike typar funksjonsnedsetjingar krev ulike typar stolar.

Det finst mange typar rullestolar. Nokre har motor og er nyttige, når ein skal kome seg fram ute. Andre veg lite og er lette å legge saman. Nokre rullestolar er til å kvile eller arbeide i. Ein kan òg bruke rullestol, når ein driv med trening eller idrett.

Typar

Rullestol

Rullestolar til sport har ofte annleis hjul og ekstra vern for beina.

Rullestol
Av /Shutterstock.

Rullestolar må alltid tilpassast til personen som skal bruke han. Det finst ulike typar rullestolar:

  • Transportrullestol kan ein legge saman, slik at han får plass i bil eller liknande. Ein annan person må hjelpe til med å styre denne typen stol.
  • Manuell rullestol køyrer brukaren sjølv, ved hjelp av armane. Den har ofte store hjul bak og mindre hjul framme. Dei store hjula har ein ekstra ring på eitt eller begge hjula, og brukaren held i ringen for å lage fart, styre og bremse.
  • Elektrisk rullestol er ein rullestol med motor. Dei blir ofte brukte av personar med større funksjonsnedsetjing. Dei kan bli tilpassa på svært mange måtar, slik at dei passar til brukaren.
  • Rullestol for sport har gjerne ei litt anna plassering av hjula. Dei har òg ekstra vern rundt beina.
  • Rullestolar for dusj og toalett er stolar som toler vatn.

Utfordringar

Jente i rullestol opnar dør med knapp
Universell utforming er viktig og nyttig for mange, og heilt nødvendig for mange i rullestol. Ein knapp til å opne tunge dører med er ei form for universell utforming.
Jente i rullestol opnar dør med knapp
Av /NTB.

Menneske med rørslehemming har rett på å kome seg fram på lik linje med andre folk. Men det er ikkje alltid rettane deira blir tekne på alvor. For menneske som brukar rullestol, er det viktig med universell utforming av bygningar. Ei trapp kan vere nok til at folk i rullestol ikkje kjem seg dit dei hadde tenkt. Smale dører, høge dørstokkar eller fortauskantar kan òg skape problem.

Alle nye hus og omgivnader skal byggjast slik at dei tek omsyn til folk i rullestol.

Det er mellom anna viktig at

  • det finst rampe eller heis i tillegg til trapp.
  • doar har plass til rullestolen og handtak, så ein kan løfte seg mellom rullestolen og doen.
  • plattformar til kollektivtransport er like høge som døra.
  • dører er enkle å opne, for eksempel med ein knapp.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jeanette Koht
Cand. med., ph.d, Oslo universitetssykehus