Plakk er eit belegg med bakteriar, som festar seg på tennene. Belegget er gulkvitt og inneheld òg stoff frå spytt og matrestar. Plakk er heilt normalt, og alle får det.
Ein kan sjå plakk som ei tynn rand mellom tennene og tannkjøttet, når ein gløymer å pusse tennene. Plakk kan ein kjenne med tunga som ei ru overflate, og ein kan kjenne det om ein skraper med naglen på tanna.