Leksikon er ei samling med tekstar som forklarer ulike tema. Kvar tekst handlar om eitt tema.
Eit viktig kjenneteikn på eit leksikon er at det har mange forfattarar som skriv om det dei kan.
Nokre leksikon handlar om alt mogleg, til dømes Vesle norske leksikon, Store norske leksikon og Wikipedia.
Andre leksikon handlar berre om nokre bestemde ting, til dømes leksikon om krydder eller leksikon om kunstnarar.