[go: up one dir, main page]

Hagl som ligg på graset ved sidan av ei løvetann.

Hagl rekk ikkje å smelte, sjølv om iskulene møter varmegrader når dei fell ned på Jorda. Difor kan det hagle sjølv på varme dagar.

Foto av hagl.
Av /Samfoto.

Hagl er nedbør som fell ned på Jorda som kuler av is. Det finst fleire typar hagl. Dei varierer frå små kvite klumpar til store, gjennomsiktige kuler av is.

Vanleg hagl er nokre få millimeter store. Store hagl kan bli mange centimeter store, men det er ikkje så vanleg i Noreg.

Slik blir hagl til

Ein taggete, stor isklump

Det største haglet i verda var 20 cm stort og nesten ein kilo tungt.

Foto av verdas største hagl.
Av .
Lisens: Public domain

Hagl blir danna inne i skyer, der lufta bevegar seg kraftig. Slike skyer blir kalla byeskyer. Byeskyer er høge skyer som ofte gir uvêr, som torevêr, lyn, kraftig regn, storm og hagl. Skyene har kuldegrader i toppen, og nokre varmegrader i botnen.

Først fraktar vinden ein regndrope opp i skya, der det er kuldegrader. Fordi det er kaldt, frys dropen til is og blir til eit hagl. Haglet kan kollidere med andre vassdropar i skya. Dei dropane kjernen treffer, legg seg utanpå haglet og frys til is. Dette kan gjenta seg fleire gonger, og haglet veks og blir større.

Til slutt blir iskula så stor og tung at skya ikkje klarer å frakte ho oppover meir. Då dett kula ned på bakken som hagl. Fordi kula av is dett så fort, rekk ho ikkje å smelte, sjølv om det er varmegrader nede ved bakken.

Hagl kan vere farleg

Hagl kan øydeleggje mykje på svært kort tid. Fordi hagl kan bli store og tunge, kan dei øydeleggje bilar, bygningar og jorde. Menneske som blir trefte av store hagl, kan få alvorlege skadar i hovudet.

Det tyngste haglet ein veit om, fall i Bangladesh i 1986. Det vog over ein kilo. Den største haglkula ein veit om blei registrert i USA i 2012. Kula hadde ein diameter på ca. 20 cm og vog nesten ein kilo.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jostein Mamen
Meteorologisk institutt