Digital er noko som har samanheng med datateknologi. Digital blir både brukt om ting som gjeld datateknologi, som brukar datateknologi eller blir skapt av datateknologi.
Så godt som alle datamaskiner er digitale. Det betyr at dei berre arbeider med verdiane 0 og 1. Bilete, tekst, lyd og video blir bygde opp av store mengder 0-arar og 1-arar. Desse verdiane blir representerte i datamaskina ved hjelp av elektrisitet, eller fråværet av elektrisitet, i elektroniske komponentar.
Det motsette av digital er analog. Noko som er analogt er basert på fysiske storleikar og mekanismar. Ei digital klokke har til dømes ei lita datamaskin inne i seg. Ei analog klokke er ei maskin som har eit urverk med tannhjul og fysiske visarar.