[go: up one dir, main page]

Fra Stortingssalen. I bildet er Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), Marie Sneve Martinussen (R) og Stortingspresident Masud Gharahkhani

På Stortinget er det stortingspresidenten som leier debatten. På biletet står stortingspresident Masud Gharahkhani til høgre på talarstolen.

Foto fra Stortingsdebatt
Av /NTB.

Debatt er ei utveksling av meiningar mellom personar, om eit bestemt tema. Ein debatt kan òg kallast ein diskusjon.

Debattar kan til dømes skje på eit møte, i eit TV-program, eller ved at dei som er med i debatten skriv meiningane sine i til dømes ei nettavis.

Debatt i media

I aviser og nettaviser blir det ofte debatt, når mange meiner noko om ei spesiell sak. Til dømes viss Stortinget skal vedta ei ny lov, som mange ikkje vil ha.

Det er mange tema som skaper debatt. Det kan til dømes vere vegbygging, nedlegging av skular, miljø, krig og religion.

Uformelle debattar

Debattar som ikkje har spesielle reglar, blir kalla uformelle debattar. Det er til dømes debattar som skjer på sosiale medium, i foreiningar eller partileiar-debattar på TV.

Ein partileiar-debatt er når leiarane frå ulike politiske parti møtest, for å diskutere éi eller fleire saker.

Debattreglar

Viss ein ta ei avgjerd om noko spesielt, har ein klåre reglar for debatten. Då må ein møteleiar passe på at desse reglane blir følgde.

Stortinget er det vanleg at politikarar har debattar. Då er det stortingspresidenten som leier debatten.

I debattar bruker deltakarane ulike teikn med handa, for å vise kva dei vil seie, når det blir hens tur. Ein finger i vêret tyder at ein vil kome med eit argument i saka. To fingrar i vêret tyder at ein vil kome med eit svar, eller ein replikk, til nokon annan i debatten.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Maasø
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo