[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Også kjend som

premenstruelt syndrom

Foto av kvinne med varmeflaske på magen

Nesten alle kvinner har plager i dagane før mensen. Mange har vondt i magen. Somme bruker ei varmeflaske med varmt eller kaldt vatn for å lindre smerta. Ein del har så vondt at dei treng smertestillande eller hjelp frå ein lege.

Foto av kvinne med varmeflaske på magen
Av /Shutterstock.

PMS står for «premenstruelt syndrom». PMS er plager som kjem i dagane før kvar mens. Plagene kan vere både fysiske og psykiske.

Nesten alle jenter og kvinner blir litt plaga med PMS i dagane før mensen. Dei fleste har lette plager. Men somme har så sterke plager, at det går hardt ut over kvardagslivet.

Symptom

PMS-plagene kjem før kvar mens. Dei kjem etter eggløysinga, og sluttar heilt når mensen kjem.

Døme på plager:

  • kvalme
  • å bli irritert
  • vondt i hovudet
  • å bli nedfor
  • depresjon
  • at humøret svingar
  • uro og gråt
  • at kroppen er oppblåsen
  • vondt i magen
  • ømme puppar

Behandling

Behandlinga mot PMS kjem an på kva plager ein får. Dersom ein har svært vondt, eller store plager, bør ein få hjelp frå fastlegen.

Smertestillande kan hjelpe mot hovudverk eller vondt i magen. Dersom problemet er depresjon, kan det hjelpe å snakke med ein psykolog, eller få medisinar mot det.

Mange får mindre plager med PMS, når dei bruker prevensjon med hormon i seg, som p-piller.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege