Ingunn Thon er ein norsk forfattar som skriv barnebøker.

Ingunn Thon
Faktaboks
- Fødd
- 1986, Ål i Hallingdal

Bakgrunn
Karriere
Den første barneboka til Thon var Ollis (2017). I 2023 kom boka Full bajas.
Tema
Tema i Ingunn Thon sine bøker er vennskap, familie og mot. Bøkene handlar om mot til å vere seg sjølv og ikkje trenge å imponere andre.
Ollis er ei forkorting for Oda Lise Louise Inger Sonja. Ollis har akkurat fått ein veslebror, og ein stefar på kjøpet. Ho lurer på kvar faren har vorte av. Ollis finn eit postkort i ei mystisk gul postkasse i skogen. Det set fart på leitinga. Samtidig strevar ho med forholdet til mor, stefar og venninna Gro. Det er eigentleg berre veslebroren det er lett å vere saman med.
I Full bajas møter lesaren Orion, som alltid har gjort alt ordentleg og heilt perfekt. Han treng ikkje viskelêr, for han skriv aldri feil. Han har mange medaljar og premiar. Men ein dag skjer det noko som gjer at Orion bli heilt bajas, noko han eigentleg ikkje vil vere. Kroppen er i krig med hjernen, og då er det slutt på det perfekte.
Betyding
Boka Ollis vart nominert til Arks barnebokpris i 2017. Full bajas vart nominert til Bokslukerprisen i 2024.