Eros er guden for kjærleik i gresk mytologi.

Eros

Eros er guden til kjærleiken og erotikken. Han blir ofte framstilt på ein romantisk måte i kunsten, anten åleine, eller saman med mor si, Afrodite.
Statuar og bilete

Eros blir synt på ulik måtar i kunsten. Av og til er han ein liten gut, av og til er han ein ung mann, og stundom eldre. På denne greske keramikken er han ein ung mann.
Eros er den guden i gresk mytologi som det er laga flest bilete og statuar av.
Han blir synt på ulike måtar:
- Han ser ut som ein vaksen mann.
- Han ser ut som ein vakker ungdom.
- Han ser ut som eit lite barn.
- Han har av og til venger.
Eros har òg boge og piler. Dei som blir trefte av pilene, blir forelska. Han skyt piler mot både gudar og menneske.
Eros er òg eit gresk ord for kjærleik og lengt. Ordet erotikk kjem frå Eros.
Eros og Psyke

Eros vekkjer Psyke frå den magiske svevnen med eit kyss. I romersk mytologi har Eros andre namn: Amor eller Cupido.
Psyke var ei heltinne i gresk mytologi. Namnet hennar betyr sjel . Psyke var ei veldig vakker prinsesse. Folk trudde faktisk ho var Afrodite, gudinna for kjærleik, og byrja å tilbe henne. Dette gjorde gudinna sjalu.
Afrodite bad Eros skyta Psyke med ei pil. Pila skulle gjera Psyke forelska i den styggaste mannen i verda. Men då Eros såg Psyke, vart han forelska i ho. I staden for å gjera som Afrodite ville, bortførte han Psyke til eit hemmeleg slott.
På slottet var Psyke åleine på dagtid. Eros besøkte henne berre om natta. I mørkret kunne ikkje Psyke sjå guden. Eros bad Psyke om å aldri prøva å finna ut kven han var, eller korleis han såg ut. Ho lova han det fordi ho var glad i han.
Men Psyke byrja å kjenna seg einsam i slottet. Ho bad difor søstrene sine på besøk. Då dei såg kor fint Psyke levde, vart dei sjalu. Psyke fortalde søstrene om kjærasten og løftet sitt. Då sa dei at kjærasten kanskje var eit monster. Psyke vart usikker og redd.
Neste natt venta Psyke til Eros hadde sovna. Så tok ho ei oljelampe og lyste den over han. Då såg ho at Eros var ein vakker, ung mann. Ho kom til å dryppe varm olje på han ved eit uhell. Eros vakna og skreik i smerte. Då han skjønte at Psyke hadde brote løftet sitt, vart Eros sint. Han sa han aldri ville sjå henne meir og flaug vekk.
Psyke vart frykteleg lei seg. Ho leita over alt etter Eros, men fann han ikkje. Til slutt bad ho Afrodite om hjelp. Gudinna var framleis sjalu på skjønnheiten til Psyke og ville hemna seg. Ho gav difor Psyke fleire umoglege oppgåver.
Psyke streva hardt og ho klarte til slutt alle oppgåvene. Men før ho rakk å fullføra den siste oppgåva, fall ho i ein djup, magisk svevn.
Eros elska framleis Psyke, og såg kor mykje ho elska han. Han bestemde seg for å tilgi henne. Eros vekte Psyke og tok henne med til Olympen. Når alle gudane var samla, avgjorde Zevs at Eros og Psyke skulle få gifta seg og at Psyke skulle få bli udødeleg.
Les meir i Vesle norske leksikon
- gresk mytologi
- Afrodite
- Ares