Relikvie er ein gjenstand som blir rekna som heilag i ein religion. Det kan til dømes vere ting som ein heilag person har eigd eller vore i fysisk kontakt med.
Ein relikvie kan også vere kroppen til ein død helgen, eller delar av kroppen, som eit bein eller ein finger.
Det er ulikt kor viktig relikviar er i dei ulike religionane. Nokre har ikkje relikviar i det heile, til dømes protestantisk kristendom og hinduisme. I katolisismen, den ortodokse kristendommen og buddhismen er relikviar svært viktig.