I Kvam - ei perle berre éin time frå Bergen - ligg attraksjonane tett i tett.
Den langstrakte kommunen i Hardanger har vore eit ynda reisemål i generasjonar, og det er ikkje utan grunn. Med fjordcruise, unike fossar, stolte tradisjonar, eit rikt kulturprogram og ei rekke spanande attraksjonar og aktivitetar tilgjengeleg heile året, er Kvam ei perle som er vanskeleg å skildra med ord. Det er nesten noko du må oppleva sjølv. Velkomen!
I Kvam finn du aktivitetar og attraksjonar som passar perfekt for folk i alle aldrar. Blant anna ligg store deler av Nasjonal Turistveg Hardanger her i kommunen, og langs ruta kan du oppleva Steinsdalsfossen. Det er ein verkeleg unik foss du kan gå under! Ein kjem heller ikkje utanom spanande aktivitetstilbod som RIB-turar inn Fyksesundet, Hardanger Fartøyvernsenter og visningssenter for akvakultur. Desse, i tillegg til Hardangerfjord Sightseeing frå Norheimsund, gjev deg høve til å oppleva verdas vakraste fjord på ein måte du aldri vil gløyma.
Men det er ikkje berre fjordopplevingane som er spektakulære i Kvam. Her har ein også ei rekke spanande museum, gode restaurantar, flotte fotturar, toppmoderne badeanlegg og idylliske fjordbygder som til dømes Norheimsund, Øystese, Strandebarm, Vikøy, Ålvik og mange fleir. Alternativa er mange! På denne sida finn du oversikt over kva som er verdt å få med seg her i kommunen.
Det vert eit gjensyn med populære Oddgeir Bruaset denne novemberlaurdagen. Han vil fortelje om korleis dei feirar jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Vi satsar på god og lun julestemning med gode forteljingar ...
Opplev magien i Skjønnheita og Udyret, ei framsyning som vil treffe deg i hjartet. Teater Vestland presenterer ei unik tolking av den tidlause kjærleikshistoria, skreddarsydd for barn som elskar spenning og fantasi. ...
Marit Eikemo si siste bok, "Vi er brødrene Eikemo" har fått strålende kritikkar og i november kjem ho til biblioteket for å snakke om boka i samtale med biblioteksjef, Trude Hege Bergesen. Marit Eikemo vaks sjølv opp...
Kvam har eit mangfald av tilretteIagde turar tilpassa alle nivå.
Fjordsafari med gardsbesøk, privat fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar, meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Hardanger-regionen blir kalla «the kingdom of waterfalls», og det er ikkje utan grunn. I Hardanger finn du fleire av dei mest spektakulære fossane i heile Noreg.
Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.
Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.
Kvam Turistinformasjon ligg ved Steinsdalsfossen, ikkje langt unna Norheimsund. Dei svarar gjerne på spørsmåla dine. I turistinformasjonen finn du også brosjyrar og kart med opplevingar både i Kvam og resten av Hardanger-regionen.
Adresse: Steinsdalsfossen, 5600 Norheimsund
01.05 - 19.06:
Onsdag - søndag: 11:00 - 16:00
Måndag & tysdag: Stengt
20.06 - 20.08:
Måndag - søndag: 10:00 - 18:00
21.08 - 01.10:
Onsdag - søndag: 11:00 - 16:00
Måndag & tysdag: Stengt
Kvam kan by på eit utal aktivitetar og eit rikt tilbod av smaksopplevingar.
I Kvam finn du både hotell, campingplassar, hytteutleige og bubilparkering.