Faktaboks
- Administrasjonssenter
- Fossbergom
- Fylke
- Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
- Innbyggjartal
- 2 212 (2024)
- Landareal
- 1 887 km²
- Høgaste fjell
- Galdhøpiggen (2469 moh.)
- Innbyggjarnamn
- lomver
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 3434 (frå 01.01.2020, tidlegare 0514)
Natur
Det meste av kommunen er snaufjell og brear (90 prosent ligg høgare enn 900 meter over havet). Lom omfattar storparten av sentrale Jotunheimen, mellom anna Noregs to høgaste toppar, Galdhøpiggen og Glittertinden på kvar si side av Visdalen, ein sidedal til Bøverdalen. Den sørlege delen av kommunen inngår i Jotunheimen nasjonalpark. I alt er 62 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.
Berggrunnen i Jotunheimen er djupbergartar som er sterkt omdanna og skovne på plass under den kaledonske fjellkjedefaldinga (Jotundekket) og sterkt erodert under istidene. Nord for Ottadalen og Bøverdalen er det mest gneis og – på grensa mellom desse to områda – striper av kalkhaldig, lausare skifer og fyllitt.
Befolkning og busetnad
Tyngda av busetjinga finst langs sørsida av Ottaelva på skredjord og morene av skiferberget. Elles har berre den nedre del av Bøverdalen busetjing av betydning. Der Bøverdalen munnar ut i hovuddalføret, ligg tettstaden og administrasjonssenteret Fossbergom. Folketalet i kommunen har synt ein svak nedgang sidan 1970-åra. I tiårsbolken 2015–2024 gjekk folketalet attende med 6,1 prosent mot ein auke på 2,2 prosent i Innlandet fylke. I 2024 var 20 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 27 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).
Tettstad
Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Fossbergom med 837 innbyggjarar (2023). 38 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,5 km².
Næringsliv
Sjølv om Lom omfattar store fjellområde med lite dyrkbart areal, er jordbruket framleis viktigaste næringsveg. Gardane ligg gjerne 365–450 meter over havet. Klimaet er tørt, så vatning er nødvendig og har lang tradisjon (Lom har noregsrekorden for minst nedbør i løpet av eitt år – 130 millimeter i 1911). Det er som regel rikeleg med vatn i bekkar og elver frå fjellet. Avlingane av bygg, poteter og gras er ofte høgare enn landsgjennomsnittet, og husdyrhaldet er stort. Husdyra nyttar framleis ein del av fjellbeita, som også blir brukte av eit tamreinlag. Avverking av skog er relativt beskjeden, og utgjorde i 2022 om lag 2700 m³.
Lom har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 58,4 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Smådøla (i drift fra 2015), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Eidefoss Vannkraft er hovudeigar av om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Graffer Kraft med om lag ein sjettedel.
Lom har stort besøk av turistar, ikkje minst med Jotunheimen som mål, og turistnæringa er i kraftig vekst. Det er mange hotell, turisthytter og pensjonat i Bøverdalen og Leirdalen (mellom anna Røisheim, Elveseter og Jotunheimen fjellstue) og i Fossbergom (mellom anna Fossheim Hotell).
Samferdsel
Hovudvegane gjennom Lom er riksveg 15 (heilårsvegen Otta–Måløy over Strynefjell) og fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen via Leikanger til Vadheim (Høyanger). Lom har ekspressbussamband med mellom anna Oslo, Bergen og Trondheim.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Lom høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Sel, Skjåk og Vågå.
Lom kommune svarar til dei tre sokna Bøverdalen, Garmo og Lom i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja. Sjølv nyttar kommunen i dag ei inndeling i fleire krinsar, til dømes ved avvikling av val: Bøverdalen, Garmo, Lia, Loar, Lom og Odda med fleire. Administrasjonssenteret Fossbergom høyrer då til Lom krins.
Mot slutten av 1800-talet hørte Lom til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.
Delområde og grunnkrinsar i Lom
For statistiske formål er Lom kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til sammen 20 grunnkrinsar:
- Lom vest: Odda, Galde, Medalen, Aukrust, Fossberg omland, Ulstad, Lykkja, Prestegardsskogen, Vike, Sognefjell, Galdhøpiggen, Memuru
- Lom aust: Byre, Frisvold, Mo, Frøyse, Lia, Nyrnes, Finndalen, Glitterheim
Historie og kultur
Lom er rik på kulturminne, mellom anna Lom stavkyrkje. Garmo stavkyrkje vart rive i 1880 og gjenreist på Maihaugen i Lillehammer. Storgarden Graffer har samlingar av gamle drakter og husbunader. På Lom bygdemuseum kan ein vitje gardstun, husmannsplass og seter, Tor Jonsson-stugu og Olavstugu. På Garmo finst eit freda gardsanlegg med den såkalla Hamsunstugu, som har vore rekna som Knut Hamsuns fødestad.
På Fossbergom ligg Fossheim steinsenter med samlingar av stein frå heile verda, spesielt mange mineral frå Jotunheimen. Norsk Fjellmuseum på Fossbergom opna i 1994.
Sagasøyla (Eidsvollsmonumentet) av Wilhelm Rasmussen, opphavleg tenkt reist på Eidsvolls plass i Oslo, vart i 1992 reist med private midlar ved Elveseter hotell i Bøverdalen.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har tre sølvfarga skjeltereker mot blå bakgrunn; også kalt vatningsspade, brukt til kunstig vatning i eldre tider.
Kart
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Garmo, Torgeir T. (1990) Lomsførar for natur og kultur. Les boka på nb.no
- Kleiven, Ivar (1915). Lom og Skjaak: gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. isbn 82-03-05951-1 Les boka på NB.
- Kolden, Jon (2000–2007): Bygdabok for Lom, fire bind, isbn 82-995656-1-8
- Kvaale, Olav T. (1981). Gamalt frå Lom: folk og fylgje tå alle slag, andre utgåve. isbn 82-990408-1-7, Les boka på NB
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.