[go: up one dir, main page]

NORSK FJELLSENTER I LOM

OPNINGSTIDER

Vinter 2024/2025:
onsdag–fredag kl. 10–15

Stengt på raude dagar, i jula og påska.

Kven mista bestevenen sin på fjellet for 500 år sidan?
Av ein eller annan grunn skilte hunden lag med eigaren sin og blei liggande att i isen på Lendbreen, 1900 moh. Skjelettet er i god stand og nesten komplett. Beina blei funne saman med eit halsband laga av ei vidjespenning. Sjå hunden og 99 andre spor etter forfedrane våre i utstillinga Frose i tid.

Turtips
Få tips til turar i og utanfor nasjonalparkane. Vi er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Vi veit kvar naturen er sårbar og kvar det er tilrettelagt for fine turopplevingar. Kom innom hos oss for gode tips. Vil du ha fleire fakta om nasjonalparkane i Noreg, kan du besøke nasjonalparkane eiga heimeside.

Venn med museet?
Venner av Norsk fjellmuseum får gratis inngang heile året. I tillegg får turkameratar inngang til halv pris. Meld deg inn eller betal kontingenten din her.

Brearkeologisk utstilling
Kom og sjå dei fleire tusen år gamle skattane som smelter fram frå isen i fjella. Verdas best bevarte forhistoriske skipar, Noreg si eldste pil og landet sin einaste vott frå vikingtida. Hels på ein 500 år gammal hund og sjå 96 andre gjenstandar frå forfedrane våre i landet si største utstilling av arkeologiske funn frå is.

Takka ja til å bli med på laget

Tilsettingane er på plass, og nokre spennande år er i vente for prosjekt Fjellviten i Lom.  

Les meir her: https://norskfjellsenter.no/nye-krefter-til-prosjekt-fjellviten

Turtips: Naturstig frå Krossbu

Naturstigen er ein merka rundtur på 6 km i Jotunheimen, som tek deg gjennom variert og lettgått terreng. Turen startar Krossbu, inn til Bøvervatnet og attende.

Langs stigen kan du lære om brelandskapet som er forma her gjennom tusenvis av år. Lær om daudislandskap og kartlav, korleis elva formar naturen og kvifor brevatnet får den skarpe turkise fargen. God tur!

Prosjekt Fjellviten er i gang

Kva skjer nede i bakken når gjennomsnittstemperaturen aukar? Og korleis blir dyr, planter og menneske påverka? Det, og andre endringar i høgfjellet, skal vi lære meir om gjennom prosjekt Fjellviten. Når instrumenteringa og nettsida er på plass, kan også du følge med på alle målingane i sanntid.

Les meir om prosjektet her: Klimapark på Juvfjellet ved Juvasshytta i Jotunheimen installerer temperaturmålere for permafrost

Masterstudent i naturfag? Sjå her!

Er du masterstudent med interesse for naturovervåking og naturformidling i høgfjellet? Sjå her! Naturhistorisk Museum ved Anders Bryn og Klimapark 2469 søkjer ein student som ynskjer å skrive masteroppgåve om vegetasjonsøkologi og naturformidling.

Les meir her: Biovitenskap master – Universitetet i Oslo (uio.no)

Klimapark 2469 på VR-turné
Over 2000 ungdomsskuleelevar i Innlandet fekk i haust besøke istunnelen på Juvflye – frå klasserommet. Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 har reist frå fjell til flatbygd med VR-briller for å fortelje om is som forsvinn og kulturskattar som smeltar fram. Etter sommaren er det Valdres som står for tur!

Les meir her: Den kulturelle skulesekken

Turtips: Kulturstig på Gjendehalsen

Kulturstigen er ein rundtur på 3,4 km som passar dei aller fleste. Start ved Gjendesheim eller parkeringa på Reinsvangen og få flott utsikt over Gjendealpane og smaragdgrøne Gjende. Lær om kulturminner frå andre verdskrig, om medisinplanter, les om kampen om Skårvangssola og legendariske Jo Gjende.

Stien er skilta og tilrettelagt med kloppar, men hugs gode sko om du vil halde deg tørr på beina. God tur!

20 millionar frå Sparebankstiftinga DNB!

Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 skal saman med fleire leiande forskingsinstitusjonar utvikle "verdas viktigaste klasserom" med høgfjellet som kunnskapsarena. Prosjekt Fjellviten er i gang!

Les meir her: 20 millionar til Norsk fjellsenter

Verdskjende arkeologiske funn

Fleire av dei unike arkeologiske funna i utstillinga på Norsk fjellsenter stammer frå vikingane og forfedrane våre sin ferdsel over fjellet. Kvifor gjekk dei høgt til fjells? Kva skulle dei? Og kvifor la dei att så mange spor? Her kan du sjå eit digitalt foredrag med arkeolog Espen Finstad og kjentmannen Reidar Marstein om “Vikinganes gløymde ferdselsveg”.

Glad i fjella?
Kom og opplev fire årstider i fjellheimen, form ditt eiga landskap, hels på mammutar, sniff inn lukta av sure sokkar i ei “ekte” turistforeiningshytte og sjå funna frå fjellvikingane. Prøv rebusløypa og leik dykk i vêrrommet! På Norsk fjellsenter blir du betre kjent med fjella, naturen og forfedrane våre.

UTSTILLING // Natur i endring
Dyra har gått i klimastreik på Norsk fjellsenter. Dei vil ha gamaldags vinter, stabil tregrense og fleire potensielle kjærastar. Både vi og naturen har alltid endra oss. Men nå endrar økosystema seg på nye måtar og raskare enn før. I denne utstillinga ser vi nærare på kvifor, og kva det betyr for naturen og dyra i fjella kring Lom.