[go: up one dir, main page]

Artur – og den meir brukte forma Arthur – er eit mannsnamn med omdiskutert tyding. Namnet kan komme av det keltiske artos som tyder ‘bjørn’, men dei kan også ha oppstått av det romerske slektsnamnet Artorius.

Namnet har fleire variantar: Arthur, Artur.

Namnedag er 28. august. August har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Artur

Eit utval personar med namnet Artur, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 417 menn i Noreg som hadde Artur som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Artur.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Artur frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Artur frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Artur på 1800-talet.

Artur var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Artur.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Artur på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artur var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Arthur.) Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Artur.

Historisk bruk av namnet Artur
Historisk bruk av namnet Artur
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg