Teodicé er eit ord for religionsfilosofiske og teologiske forsøk på å løyse det vondet sitt problem, det vil seie spørsmålet om korleis det vonde i verda kan sameinast med trua på ein god og allmektig gud.
Det er utarbeidd ei rekkje ulike løysingar på teodicé-problemet. Den vanlegaste er å hevde at Gud må la menneska behalde den frie viljen sin, også viljen til å handle vondt. Ei anna tilnærming er knytt til lidinga sin pedagogiske funksjon i menneskelivet, og samtidig at lidinga vil bli kompensert med lønn etter døden.
Teodicé som problem synest å vere karakteristisk for kristendommen. I Bibelen blir temaet mellom anna behandla i Jobs bok.
Blant filosofane har til dømes Epikur arbeidd med dette spørsmålet. I nyare tid er det òg behandla av Gottfried Wilhelm Leibniz, som innførte nemninga teodicé (Essais de Théodicé, 1710). Mellom andre Max Weber har utvida omgrepet ved å definere teodicé som alle forklaringar på lidinga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.