[go: up one dir, main page]

Propagandaplakat

Stalinismen var mellom anna kjenneteikna av omfattande personkult rundt statsleiaren Stalin, som blei dyrka som «førar». Propagandaplakat med Josef Stalin frå 1948. På plakaten står det: «Stalin er vår fane». Frå samlinga til det russiske statsbiblioteket i Moskva.

Propagandaplakat
Av /Fine Art Images / Scanpix.

Stalinisme er eit omgrep som blir brukt om tida då Josef Stalin var Sovjetunionens leiar (1928–1953). Ordet viser vanlegvis til ein kombinasjon av dominerande politiske idear og ein spesifikk politisk og sosial praksis som var karakteristisk for denne perioden.

Faktaboks

Uttale
stalinˈisme

Sjølv om ordet er ein -isme, står stalinisme først og fremst for summen av kjenneteikn på Stalins regjeringstid og i mindre grad for ein spesifikk doktrine. Det er likevel dekkande å seie at stalinisme er Josef Stalin og hans statsapparat sin versjon av den sosialistiske revolusjonen og ikkje minst det brutale diktaturet dei skapte i forsøket på å nå den kommunistiske utopien.

Revolusjon ovanfrå

Kollektivbruk i Kasakhstan

I tillegg til industrialisering omfatta revolusjonen ovanfrå ei total kollektivisering av jordbruket. Kollektivbruk på grensa mellom Kasakhstan og Sibir i 1956. Stalins kollektivisering av jordbruket i perioden 1929–1934 førte til hungersnaud i Ukraina, Sør-Russland og Kasakhstan.

Av /NTB Scanpix.

Eit viktig trekk ved stalinismen var forsøket på å revitalisere og intensivere revolusjonen frå 1917. For å nå målet om kommunisme innførte styresmaktene eit system av femårsplanar, og den første planen for åra 1928–1932 innebar ei omfattande industrialisering av Sovjetunionen. Sovjetleiarar sjølve såg vel, som kommentatorar har karakterisert, dette som ein «revolusjon ovanfrå».

I tillegg til industrialisering omfatta revolusjonen ovanfrå ei total kollektivisering av jordbruket. Dels var dette ideologisk motivert, nemleg å avskaffe privateigd, «kapitalistisk» jordbruk. Dette gjekk inn i ein større samanheng der stalinismen avløyste NEP. Dels handla det om at ressursane i jordbruket og på landsbygda skulle tene industrien i byane, og dermed moderniseringa av Sovjetunionen. Medan industrialiseringa var prega av ein kombinasjon av tvang og entusiasme, var motstanden på landsbygda omfattande, og millionar av bønder blei sende i arbeidsleir eller miste livet.

Det mest brutale utslaget av denne politikken var sveltekatastrofen Holodomor i 1932–1933.

Massemobilisering

Sovjetstyresmaktene la stor vekt på å mobilisere massane for den nye fasen av revolusjonen. Prosjektet trong entusiasme, i tillegg til at industrialiseringa kravde arbeidskraft. Dei som ytte ein ekstra innsats, blei premierte og haldne fram som føredøme. Stalinismen skapte med dette nye klasseskilje.

Stalinismen ytra seg også i form av storstilte massemønstringar og offentlege feiringar – av revolusjonsjubileum, forfattarjubileum, landevinningar og mykje anna. Den klassiske studien til Hannah Arendt av totalitarismens opphav argumenterer for at stalinismen likevel førte til ei atomisering av samfunnet og at kollektivismen var illusorisk. Nyare studiar har på si side utforska korleis styresmaktene søkte å skape ein ny subjektivitet hos sovjetborgarane ved å få dei til å aktivt identifisere seg med prosjektets mål og internalisere stalinismens verdsbilde. Desse prosessane kunne vere basert på entusiasme så vel som kynisme, og skjedde i særleg grad hos medlemmer av partiet og den nye arbeidarklassen.

Personkult

Kinesarar feirar Stalin

Stalin blei òg dyrka utanfor Sovjetunionen. Biletet viser kinesarar som feirar Stalin i 1951.

Av /NTB Scanpix.

Stalinismen heldt fast ved den leninistiske læra om partiet som hovudaktøren i revolusjonen og samfunnsutviklinga elles. I tillegg var stalinismen kjenneteikna av omfattande personkult rundt statsleiaren Stalin. Stalin blei dyrka som «førar», og etter andre verdskrigen blei denne kulten eksportert til dei nye kommunistregima i Aust-Europa. Den sovjetiske leninkulten byrja også under Stalin, og overlevde stalinismen.

I tillegg var stalinismen kjenneteikna av eit patron-klient-system, som frå no av blei eit definerande trekk ved sovjetstaten. For å avansere i systemet, eller i det heile teke å leve godt, var ein avhengig av kontaktar i mektigare posisjonar. Med andre ord var stalinismens stat i realiteten heller svak som institusjon.

Terror og fiendebilde

kulak
Sovjetisk propagandaplakat. Øvst står det: «Kulakkane er dei mest brutale, mest grove, mest ville utbyttarane, som meir enn ein gong i andre lands historie har gjenoppretta makta til grunneigarar, tsarar, prestar og kapitalistar. Lenin».
Nedst: «Ned med kulakken frå kollektivbruket».
Av .
Stalin, Rykov, Kamenev og Zinovjev

Stalins motstandarar frå 1920-talet blei sentrale fiendar i sovjetisk propaganda. Biletet viser (frå venstre) Stalin, Aleksej Rykov, Lev Kamenev og Grigorij Zinovjev i 1925. I åra 1936–1938 blei dei tre sistnevnde dømde til døden for open scene under moskvaprosessane.

Av /NTB scanpix.

I staden for sterke institusjonar blei stalinismen og revolusjonen ovanfrå haldne oppe av omfattande terror. Paranoide kampanjar mot påståtte fiendar av det sovjetiske prosjektet går som ein raud tråd gjennom Stalins regjeringstid. Fiendegrupper inkluderte:

  • «Kulakkar»: I utgangspunktet ein referanse til velståande bønder, men blei brukt om alle som motsette seg, reelt eller innbilt, kollektiviseringa. Bruken av kategorien var svært romsleg, og kom inn att med stor kraft under den store terroren.
  • «Borgarlege spesialistar»: Akademikarar, ingeniørar og liknande yrkesgrupper som bolsjevikane hadde samarbeida med sidan 1917, men som no blei reinska ut og skulda for å vere spionar for framande makter. Dei blei gjerne også karakteriserte som «klassefiendar». Nasjonale intelligentsiaer blei hardt råka av desse kampanjane. Dei blei erstatta av unge kadrar frå bolsjevikane sine eigne rekker, noko som går under namnet den sovjetiske kulturrevolusjonen (1928–1932).
  • Diasporanasjonalitetar, det vil seie nasjonsgrupper som hadde ein «eigen» stat utanfor Sovjetunionen, til dømes finnar, polakkar og koreanarar. Frå midten av 1930-talet blei slike grupper utsette for omfattande deportasjonar til Sibir. Dette innebar ei reversering av den aktive nasjonalitetspolitikken på 1920-talet og gjekk i tillegg inn i ein kontekst med utbreidd mistanke om både illojalitet og «overdriven nasjonalisme». Mistanke mot nasjonsgrupper kulminerte med totale deportasjonar av nasjonalitetar mot slutten av andre verdskrigen (krymtatarar, tsjetsjenarar og ei rekke andre) og heldt fram på nyerobra territorium etter krigen (Baltikum, Polen, Ukraina, Moldova).
  • «Folkefiendar»: Den nye sovjetiske grunnlova av 1936 slo fast at Sovjetunionen var eit klasselaust samfunn, og påståtte fiendar blei no ofte karakteriserte som «folkefiendar». Dette var ei utbreidd skulding under den store terroren.
  • «Trotskistar»: Stalins motstandarar frå 1920-talet blei sidan sentrale fiendar i sovjetisk propaganda og dømde for open scene under moskvaprosessane. Nærskylde merkelappar var «bukharinistar» og «zinovjevistar», etter Nikolaj Bukharin og Grigorij Zinovjev.

Den sentrale aktøren i denne forfølginga var det hemmelege politiet (OGPU, deretter NKVD), men også Stalin sjølv tok ei aktiv rolle i å peike ut offer, særleg under den store terroren. Arresterte blei anten skotne eller sende i arbeidsleirsystemet Gulag.

Kulturell konservatisme

Stalinismen sette fram ei rekke ideal om kultivert, danna livsførsel, smak og konsum. Dette omfatta alt frå personleg hygiene og åtferd til antrekk og interiør. Eit kultivert sovjetmenneske var dessutan eit lesande menneske, som også gjekk i teater og på klassisk konsert. Desse ideala hadde mange parallellar til «borgarleg» kultur i Vesten. Sovjetunionen under Stalin og seinare var likevel eit mangelsamfunn, særleg med tanke på konsumvarer. Konteksten for spreiinga av desse ideala var ei tid med store omveltingar, sosial mobilitet og migrasjon frå bygd til byar og til industrisentrum under oppføring.

På kunstfeltet blei den sosialistiske realismen norm. Dette programmet gav reglar for korleis den revolusjonære utviklinga skulle framstillast, men estetisk sett representerte det ein konservatisme, som sette ein stoppar for den kunstnarlege eksperimenteringa og mangfaldet som hadde prega 1910- og delar av 1920-talet.

Bolsjevikane innførte tidleg rett til sjølvbestemt abort og avkriminaliserte likekjønna forhold. I 1934 blei homofile forhold (mellom menn) på nytt forbode, det same blei abort to år seinare.

Stalinisme som ideologi

Folkemengde med flagg og plakater markerer Stalins fødselsdag ved hans gravsted ved Kreml-muren, 2009
Sjølv om Stalin døydde i 1953, finst det framleis spor av personkulten hans i Russland.

Stalinismen representerte eit brot med tanken om verdsrevolusjon, og prioriterte å bygge «sosialisme i eitt land» i staden. Stalin sjølv sette ideen om sosialisme i eitt land i motsetnad til Lev Trotskijs «permanente revolusjon». Revolusjonen skulle ikkje berre byrje i eit svakt industrialisert land, slik også Lenin og Trotskij hadde meint, men jamvel fullførast her, nærmast som eit sjølvbergingsprosjekt. I ein berømt tale i 1929 sa Stalin at «vi er 50–100 år bak dei utvikla landa» og at «vi har 10 år på oss» til å industrialisere, elles vil «dei knuse oss».

Samanlikna med Lenin og Trotskij har Stalin levert få sentrale bidrag til marxistisk politisk filosofi. Eit unntak er ein tekst frå tida før revolusjonen, nemleg «Marxismen og det nasjonale spørsmålet» (1913), som ser nasjonen som noko som særleg har vakse fram under kapitalismen. Under sjølve stalinismen blei nasjonsoppfatninga langt meir essensialistisk. Frå 1932 fekk alle sovjetborgarar nasjonaliteten (etnisiteten) sin oppført i passet sitt.

Den sentrale ideen om sovjetiske nasjonar under stalinismen er «folkevenskap» (russisk: druzjba narodov). Denne ideen kom i staden for den antiimperialistiske og Russlands-kritiske nasjonalitetspolitikken frå 1920-talet. Den russiske nasjonen og staten blei no rehabilitert som ei historisk progressiv kraft: Russarar har gjennom historia danna «venskaplege» relasjonar til nabofolk, og innlemminga av andre nasjonar i ulike russiske imperium har vore frigjerande for desse ikkje-russiske gruppene. Imperialisme blei dermed noko som berre fanst utanfor Sovjetunionen. Tanken om ein særleg venskap mellom russiske og ikkje-russiske folk blei uttrykt i mange visuelle framstillingar og ikkje minst i læreboka Sovjetunionens historie: Kort kurs (1937).

Den viktigaste ideologiske teksten under stalinismen var Det sovjetiske kommunistpartiets historie: Kort kurs (1938). Stalin tinga verket, skreiv sjølv kapittelet om dialektisk materialisme, og tok elles ei aktiv rolle i redigeringa av teksten. Boka fortel parallelt om utviklinga av den «sanne», «vitskaplege» varianten av marxismen (Lenins lære), om det russiske og seinare sovjetiske kommunistpartiets danning og framvekst som revolusjonens hovudaktør på vegne av arbeidarklassen, og om sjølve revolusjonen og Sovjetunionens historie. Framstillinga konstruerer ein mytisk einskap av filosofi, land og parti.

Leiarkulten pregar Det sovjetiske kommunistpartiets historie i form av utstrekt sitering frå tekstar av Lenin og Stalin. I tillegg blir det lagt stor vekt på kampen mot eksterne og interne fiendar og avvikarar, ikkje minst «trotskistar». Det er såleis ei bok som legitimerer partileiinga og Stalins makt i ei tid etter store omveltingar og utskiftingar. Og ikkje minst blir Stalin framstilt som den rette vidareføraren av Lenins prosjekt. Boka blei trykt i millionar av eksemplar på ei rekke språk og var lenge obligatorisk lesnad for alle sovjetborgarar.

Omgrepet «Stalinisme»

Uttrykket «stalinisme» går tilbake til Trotskij, som alt på 1920-talet brukte det om politikken til hovudmotstandaren sin. I eksil karakteriserte han Stalins regime som overbyråkratisert og som eit reaksjonært svik mot revolusjonen.

Uttrykket blei teke opp av forskarar på 1970-talet som eit alternativ til totalitarismeomgrepet, mellom anna for å differensiere mellom ulike variantar av sosialistisk og kommunistisk styre, inkludert ulike sovjetiske. Framleis stod byråkratisering sentralt i definisjonen av stalinismen, i kombinasjon med overvaking og vald i ekstreme former. Den sosialhistoriske «revisjonismen» som slo gjennom på 1980-talet, brukar «stalinisme» som eit overordna perspektiv i analysar av korleis revolusjonen ovanfrå blei implementert nedover i samfunnet og korleis sovjetborgarar responderte.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brandenberger, David & Zelenov, Mikhail, redaktørar (2019). Stalin's Master Narrative: A Critical Edition of the History of the Communist Party of the Soviet Union (Bolsheviks), Short Course. New Haven, CT: Yale University Press.
  • Fitzpatrick, Sheila (1999). Everyday Stalinism: Ordinary Life in Extraordinary Times: Soviet Russia in the 1930s. New York: Oxford University Press.
  • Fitzpatrick, Sheila, redaktør (2000). Stalinism: New Directions. London: Routledge.
  • Hoffmann, David L., redaktør (2003). Stalinism: The Essential Readings. Malden, MA: Blackwell Publishing.
  • Kolstø, Pål (2008). «Stalins Etniske Terror». I Folkemordenes svarte bok: Politisk massevold og systematiske menneskerettighetsbrudd i det 20. århundret, redigert av Bernt Hagtvet, 186–205. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Perone, Karen (2000). Life Has Become More Joyous, Comrades: Celebrations in the Time of Stalin. Bloomington, IA: Indiana University Press.
  • Tucker, Robert C., redaktør (1977). Stalinism: Essays in Historical Interpretation. New York: Norton.
  • Viola, Lynne (2009). «Stalinism and the 1930s». I A Companion to Russian History, redigert av Abbott Gleason, 368–385. Malden, MA: Wiley-Blackwell.
  • Suny, Ronald Grigor (2020). Red Flag Wounded: Stalinism and the Fate of the Soviet Experiment. London: Verso Books.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg