Maya er eit urfolkspråk som blir brukt på Yucatán-halvøya i Mexico. Det høyrer til mayaspråka og er førstespråket til om lag 800 000 menneske på Yucatán-halvøya i Mexico, pluss nokre tusen i Belize og Guatemala.
Nemninga maya blir også brukt om folk som snakkar dette språket, eller som blir rekna for å vere «innfødd» yukatekar. Ofte brukar ein andre etniske nemningar lokalt.
I 2003 fekk maya og 61 andre urfolkspråk i Mexico status som nasjonalspråk, og staten forplikta seg til å støtte utviklinga av desse språka. Nokre skular har innført ei tospråkleg interkulturell opplæring (Educación Intercultural Bilingüe), med opplæring i spansk og maya. Nokre radiostasjonar sender program på maya.
På maya heiter språket maaya t'aan 'mayaspråket'. Folk som høyrer til mayafolket, kallar ein wi'it' eller maaya wíinik 'maya-menneske'. Mexikoo [meʃikoː] og Uuyut'aan tyder 'Mexico' og 'Yucatán'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.