I offisiell språkbruk er norsk eit «språk», mens bokmål og nynorsk har vore omtalt som «målformer». Denne bruken av «målform» voks fram tidleg på 1900-talet, medan ein òg nytta ordet «mål» på landsmål og «sprogform» på riksmål. I Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen frå 1909 vert såleis «sprogform» og «maalform» brukte om einannan.
I Ot.prp. nr. 23 (1929), der lov om målbruk i statstenesta vart lagd fram, er «målform» nytta, slik ordet òg vart nytta i sjølve lovteksten. Men i kgl. res. 29. januar 1932, som gav nærmare reglar for målbruken i staten, nyttar ein «mål».
Etter andre verdskrigen vart «målform» den vanlege nemninga for bokmål og nynorsk i offisielle samanhengar, og det er denne nemninga som var brukt i mellom anna Lov om målbruk i offentleg teneste frå 1980.
I språklova av 2021 er «målform» som regel skifta ut med «skriftspråk», mellom anna fordi «målform» gjerne vert blanda saman med «målføre», som betyr dialekt. I språklova er det altså skilje mellom språket norsk, og skriftspråka nynorsk og bokmål.
Kommentarar (5)
skreiv Jon Grepstad
Eg ber om at ein stryk namnet mitt som forfattar av artikkelen. Tredje avsnittet er tøv, og dei to første avsnitta er dårleg formulerte.
svarte Erik Bolstad
Vi blir veldig glade om du vil leggje inn eit endringsframlegg der du korrigerer det du meiner at er feil eller upresist.
svarte Jon Grepstad
Eg skal forklare kva som er feil ein av dei neste dagane. Er oppteken no.
skreiv Jon Grepstad
Kort om kvifor tredje avsnitt er tøv. Det står:
«I språklova (2020) er ordet målform i stor grad erstatta av språk. I grunngjevinga for denne endringa skriv regjeringa mellom anna ‘Når tilnærmingspolitikken [mellom bokmål og nynorsk] er forlaten og bokmål og nynorsk no skal normerast på sjølvstendig grunnlag, er det grunn til å understreke at dei er to norske skriftspråk.’»
Det er feil at ordet «målform» i stor grad er erstatta av ordet «språk». «Språk» er brukt éin gong og på ein forvirrande og ulogisk måte i § 4.
Den grunngjevinga det er vist til, er ikkje ei grunngjeving for denne eine bruken av «språk», men ein del av departementet si grunngjeving for bruken av «skriftspråk». Grunngjevinga er elles uhaldbar. Bokmål og nynorsk er skriftspråk heilt uavhengig av normeringsmåten. Relevant er derimot departementet si utsegn om at «målform» gjerne blir blanda saman med «målføre», og eg synest det er denne grunngjevinga det er aktuelt å trekkje fram.
Om dette kan det skrivast mykje. Eg skriv heilt kort her.
svarte Erik Bolstad
Tusen takk! Eg redigerte om litt, så det vart færre gjentakingar. Historikk-teksten er interessant!
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.