[go: up one dir, main page]

Kvinner og menn i bunadar dansar leikaring, ukjend årstal

Leikarring er ei gruppe som dansar norsk folkedans. Ordet kom i vanleg bruk i tida etter at Hulda Garborg hadde byrja arbeidet sitt med norsk songdans i 1902 ut frå grunnmønster i den færøyske dansen. Songdansen vann særleg rom i ungdomslaga til den frilynde ungdomsrørsla.

Mange stader ville dei skilja songdansen frå den vanlege dansen, som ofte var lite velsedd, og tok i bruk ordet leik eller folkeviseleik om songdansen. Han minna jo også om dei gamle leikane til song, som fanst både i bygd og by. Hulda Garborg og Klara Semb meinte han helst burde heita songdans, men omgrepet leik festa seg og vi fekk ord som leikskeid, leikkveld, leikarar og leikarring. Leikarringane brukte også gjerne andre dansar, som turdansar. Frå 1970-talet bytte mange ut ordet leikkarring med folkedanslag.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg