[go: up one dir, main page]

Klype er ein stad der ei elv går i stryk gjennom ein trong passasje mellom rolegare partier oppstrøms og nedstrøms. Ein slik stad blir òg kalla dalklype.

Faktaboks

Også kjend som

dalklype

Slike dalklyper er karakteristiske for norske iseroderte dalar. Elveløpet vekslar mellom dalbekken, der isen har grave seg djupt ned i berggrunnen, og tersklar med motstandsdyktig fjell. I dalbekkena vil det enten vera ein innsjø (fjordsjø) eller ei elveslette, mens over tersklane vil elva ha stort fall og steile dalsider.

Klypa finst som stadnamn mange stader i landet, enten åleine eller i samansetjingar, som i Flåklypa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg