[go: up one dir, main page]

Edelgran
Edelgran
Av /Flickr.
Lisens: CC BY NC ND 2.0
Abies alba

Abies alba, edelgran. Foto frå: Hobro, Jylland, Danmark

Edelgran er ei slekt i furufamilien med 40–46 artar i Asia, Europa, Nord-Afrika og Amerika. Ingen av desse bartrea er viltveksande i Noreg, men mange artar blir planta og finst av og til forvilla. Trea har flate nåler og opprette frøkongler som mistar skjela når dei modnar. Dei fleste artane er vakre og dekorative, og ei rekkje av dei blir planta i hagar og parkar. Baret av mange artar har stor bruk som pyntegrønt fordi det ikkje så lett mistar nålene.

Faktaboks

Uttale
ˈedelgran
Beskriven av
Philip Miller

Artar

Den mellom- og sør-europeiske arten, Abies alba, blir kalla vanleg edelgran eller europaedelgran. Andre artar i Sør-Europa er gresk edelgran, Abies cephalonica, og spaniaedelgran, Abies pinsapo. Den siste finst også i Nord-Afrika.

Frå Nord-Amerika stammar:

  • purpuredelgran, Abies amabilis
  • balsamedelgran, Abies balsamea
  • kjempeedelgran, Abies grandis
  • koloradoedelgran, Abies concolor
  • nobeledelgran, Abies procera
  • fjelledelgran, Abies lasiocarpa
  • praktedelgran, Abies magnifica

Frå Kaukasus stammar nordmannsedelgran, Abies nordmanniana.

Frå Sibir stammar sibiredelgran, Abies sibirica.

Frå Japan stammar:

  • veitchedelgran, Abies veitchii
  • nikkoedelgran, Abies homolepis

Frå Korea stammar koreaedelgran, Abies koreana.

Dei artane som blir mest brukte til pyntegrønt, er Abies amabilis, Abies cephalonica, Abies homolepis, Abies koreana, Abies nordmanniana, Abies procera og Abies veitchii.

I framandartslista til Artsdatabanken er dei fleste edelgranartane som er planta i Noreg, vurderte til å representere låg risiko (LO) eller ingen kjend risiko (NK). Unntaket er koloradoedelgran med potensielt høg risiko (PH). Vanleg edelgran er ikkje vurdert, då arten kom til Noreg før år 1800, men han kan representere eit problem fleire stader i Sør-Noreg. Han invaderer mellom anna naturreservat med edellauvskog.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøete planter, nakenfrøingar
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Abies edelgranslekta

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Artsdatabanken-ID
103792
GBIF-ID
2684876

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg