[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Uttale
dˈari
Språkkodar
prs (PRS)
ISO-639:3
prs

Dari er eit språk som høyrer til dei iranske språka i den indoeuropeiske språkfamilien, det er ein variant av nypersisk (farsi). Dari er førstespråket til over 24 millionar menneske i Afghanistan, eller til halvparten av innbyggjarane. Det finst òg over 1 million daritalande i Pakistan.

Dari er i tillegg til pasjto offisielt språk i Afghanistan og det viktigaste lingua franca i landet.

Endonymet for språket er darī دری. Dari er førstespråket til tre etniske grupper i Afghanistan: tājīk ﺗﺎﺠﻴﻚ 'tadsjikar', hazāra ﻩﻫﺰﺍﺭ 'hazaraer' og aymāq ﺍﻳﻤﺎﻕ 'aimaqar'. Ein person frå Afghanistan heiter afɣān ﺍﻓﻐﺎﻥ 'afghan(ar)', og landet heiter Afɣānestān ﺍﻓﻐﺎﻧﺴﺘﺎﻥ 'Afghanistan', med hovudstaden Kābol ﻛﺎﺑﻞ 'Kabul'.

Språkfamilie

Dari høyrer til den sørvestlege undergruppa av dei iranske språka, som i lag med dei indoariske og dei dardiske språka utgjer den indoiranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Saman med tadsjikisk i Tadsjikistan og persisk i Iran utgjer dari ei nypersisk grein av sørvestiransk.

Språkhistorie

Det standardiserte skriftspråket dari har røter i klassisk persisk (sidan 800 evt.), skriftspråket som blei utvikla i arabisk skrift etter innføringa av islam. Dari deler den soga med persisk i Iran og tadsjikisk i Tadsjikistan. Desse tre språka ligg svært nær kvarandre, og persisk (i vidare tyding) kan kallast eit plurisentrisk språk – eitt språk med fleire standardutgåver. I grammatikk og lydsystem er dari og tadsjikisk jamt over meir konservative – og står nærmare klassisk persisk – enn persisk i Iran.

Dari har lenge spela ei viktig rolle som lingua franca i Afghanistan.

Språksystem

Dari er eit SOV-språk – det vil seie at setninga tek til med subjekt (S), endar med verb (V) og har objekt (O) og andre ledd imellom. I dømet nedanfor er ledda attgitt frå høgre til venstre, slik det arabiske alfabetet blir skrive.

  • ﻣﻴﺨﺎﻫﻢ ﻛﺎﺑﻞ ﺑﻪ ﺗﻴﻜﺖ ﻳﻚ ﻣﻦ
  • mēxāhom Kābol ba tīket yak man
  • ønskjer Kabul til billett ein eg
  • Man yak tīket ba Kābol mēxāhom. 'Eg vil ha ein billett til Kabul.'

Akkurat som persisk og tadsjikisk har dari ein ezāfat-konstruksjon (ezāfe på persisk, izōfat på tadsjikisk), med ein enklitisk partikkel -e (-ye etter vokal) mellom eit overledd og eit underlegg i ein nominalfrase:

  • mōtar-e naw 'ny bil'
  • lārī-ye ādam 'lastebilen til mannen'

Uttale

Dari har tre korte og fem lange vokalar. Språket har 24 konsonantar.

Trykket ligg oftast på den siste stavinga i ordet, til dømes keˈtāb 'bok', boˈzorg 'stor'. Enklitiske element, til dømes ezāfat-markøren -e, er trykksvake: keˈtāb-e ˈnaw 'ny bok'. Ein del verbformer har eit trykksterkt prefiks, til dømes ˈna-dād 'ho/han gav ikkje', ˈmē-xāhom 'eg ønskjer'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg