Styggedalstindane utgjer austre del av fjellmassivet Hurrungane i Vest-Jotunheimen i Luster kommune i Vestland fylke. Her ligg toppar som er blant Noregs høgaste fjell.
Styggedalstindane ligg mellom Maradalsbreen i sør og Styggedals- og Gjertvassbreane i nord.
Tre toppar ragar over 2300 meter over havet, frå vest:
- Sentraltind (2348 moh.)
- Store Styggedalstind (2387 moh., Noregs fjerde høgaste fjelltopp)
- Gjertvasstind (2351 moh.)
Store Styggedalstind vart klatra første gong i 1883 av Carl Hall og Mathias Soggemoen. Vestre Styggedalstind vart klatra første gong i 1885 då Hall og Soggemoen gjennomførte den første traversen av Styggedalsryggen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.