[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Innbyggjartal
2849 (SSB, 2023)
Landareal
2,4 km²
Tettstadsnummer
6111 Stranda

Stranda er ein tettstad i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,4 km², og har 2849 innbyggjarar (2023).

Stranda er administrasjonssenter i Stranda kommune, og ligg på vestsida av Storfjorden, ved utløpet av Storelva.

Det er mykje industri, særleg næringsmiddelindustri (mellom anna Stabburet AS og Grilstad AS) og møbelindustri.

Tettstaden er eit knutepunkt for veg- og fergetrafikken i området. Stranda har fergesamband til Liabygda på andre sida av Storfjorden.

Kart

Stranda
Stranda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg