Storbrean er ein isbre i Lom kommune i Innlandet, mellom Leirdalen og Smørstabbtindan i Vest-Jotunheimen. Breen har eit areal på 5,2 km2, og strekker seg frå 2079 til 1420 moh.
Storbrean er ein av Noregs best undersøkte brear. Årlege målingar av volumendringane har pågått sidan 1948, og breen har dermed den nest lengste serien av slike målingar i verda. Dei siste 70 åra har Storbrean minka med 151 millionar tonn. Frå 2011 til 2022 trekte brefronten seg 129 meter attende.

Storbrean i 1940 og 2008.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.