[go: up one dir, main page]

Norsk stadnamnleksikon
Den siste papirutgåva av Norsk stadnamnleksikon kom i 1997
Norsk stadnamnleksikon
Av .

Norsk stadnamnleksikon er eit oppslagsverk som gjev forklåring og tydning av viktige stadnamn i Noreg, gjeve ut av Det Norske Samlaget.

I tillegg til enkeltnamna gjev oppslagsverket forklåring av dei fleste viktige grunnorda. Verket inneheld både norske, samiske og kvenske namn; og dekkjer alle administrative einingar i Noreg.

Fyrste utgåve av Norsk stadnamnleksikon kom i 1973, andre utgåve i 1980, tredje utgåve i 1989 og fjerde utgåve i 1997. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug var redaktørar for alle utgåvene. Leksikonet er seinare digitalisert og omarbeidd, og inneheld òg Oluf Ryghs ordforklåring i innleiingsbindet til Norske Gaardnavne.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg