Nisserelva er ei elv i Arendalsvassdraget i Nissedal kommune i Telemark, mellom Nisser (247–244 meter over havet) og samanløpet med Fyresdalsåna ved Haugsjåsund. Nedanfor heiter elva Nidelva.
Falla frå Nisser og ned til samløpet med Fyresdalsåna er bygd ut i tre kraftstasjonar med ein samla effekt på 25,8 MW og med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 182 GWh.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.