[go: up one dir, main page]

Mohammad er eit arabisk mannsnamn. Det er ein variant av Muhammad som tyder ‘lovprist’.

Namnet har fleire variantar: Mahamed, Mahmoud, Mohamad, Mohamed, Mohammad, Mohammed, Mohamoud, Mohamud, Muhamed, Muhammad, Muhammed.

Namnedag er 16. april. Magnus og Mons har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mohammad

Eit utval personar med namnet Mohammad, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 521 menn i Noreg som hadde Mohammad som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 52 gutar som fekk namnet Mohammad.

Utvikling i bruk av namnet

I dei seinare åra har Mohammad – og varianten Mohammed – vore dei mest vanlege muslimske namna på gutar fødde i Noreg. Begge namneformene har hatt toppfasen sin etter 2010.

Utvikling i bruk av namnet Mohammad frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mohammad frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg