Karlsvogna kan brukast som utgangspunkt for å lokalisere andre stjerner og stjernebilete på himmelen.
Dersom ein tenkjer seg ei rett linje gjennom «bakhjula» (stjernene Merak og Dubhe), og vidare mot nord fem gonger så langt som avstanden mellom hjula, treffer ein Polarstjerna.
Ei rett linje frå stjerna Megrez gjennom Polarstjerna treffer stjerna Schedar i stjernebiletet Kassiopeia, som har ei karakteristisk W-form, og som er omtrent like langt frå Polarstjerna som Karlsvogna. Ved å forlengje linja vidare går ho tett forbi dei to bakarste stjernene i Pegasus-firkanten og skjer himmelekvator nær vårjamdøgnpunktet.
Ved å forlengje den krumme vognstonga sørover treffer ho først stjerna Arcturus i stjernebiletet Oksedrivaren, og seinare stjerna Spica i stjernebiletet Jomfrua.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.