[go: up one dir, main page]

Oddmund Løkensgard Hoel, 2022

Professor Oddmund Løkensgard Hoel var hovudredaktør for Heimen frå 2019 til 2021, då han vart statssekretær og seinare minister for forsking og høgare utdanning.

Heimen er eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift for lokal og regional historie, og har vore publisert sidan 1922. Tidsskriftet vert gjeve ut av Universitetsforlaget på vegner av organisasjonen Landslaget for lokalhistorie.

Tidsskriftet rettar seg særleg inn mot forskarar, studentar og lærarar, men har også vesentlege innslag av lokalhistorisk interesserte utanfor høgare utdanning og skuleverk i lesarkrinsen.

Heimen vert gjeve ut med fire nummer i året, og publiserer vitskaplege artiklar, debattartiklar og bokmeldingar. Publiseringane er breitt indeksert og er mogelege å finna ved søk i fleire store internasjonale publiseringsbasar.

Historieprofessoren Oscar Albert Johnsen var fyrste redaktør fram til 1945, seinare har kjende historikarar som til dømes Andreas Holmsen (1946–1951) og Jørn Sandnes (1976–1986) vore redaktørar.

Randi Kleiven vart i 1952 den fyrste kvinnelege redaktøren. Etter Kleiven var det nesten ikkje innslag av kvinner i rekkja av redaktørar, heilt til triaden Aud Mikkelsen Tretvik, Merete Røskaft og Hilde Gunn Slottemo var redaktørar i 2015–2018.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg