Halsnøya er ei øy i Kvinnherad kommune i Vestland fylke, på nordsida av Skånevikfjorden, utanfor Folgefonnhalvøya. Øya har eit areal på 38 km2 og 2657 innbyggjarar (2024). Halsnøya har to tettstader, Sæbøvik og Eidsvik som begge ligg sentralt på nordre del av øya, inst i høvesvis Sæbøvika og Eidsvika. Sæbøvik og Eidsvik har høvesvis 529 og 467 innbyggjarar (2023).
Halsnøya
Natur
Den vestlege delen av øya er relativt låglendt og best eigna for jordbruk. Her ligg Eid kyrkje og ruinar av Halsnøy kloster (avdeling av Sunnhordland Museum), og dessutan Sunnhordland folkehøgskule. Øya når i sør 291 moh. (Ravnakulten).
Samferdsel
Det er bilferjesamband frå Ranavik lengst nord på Halsnøya til Skjersholmane (Stord), tidlegare òg til Sunde på fastlandet. Sistnemnde vart i 2008 erstatta av ein undersjøisk tunnel til Sunde gjennom Halsnøytunnelen. Frå Sydnes lengst sør på Halsnøya er det bilferjesamband til Borgundøy og Fjelbergøy, likeså sørvestover til Utbjoa (sjå Bjoa) på Haugalandet i Vindafjord kommune i Rogaland.
Namn
Namnet kjem truleg av hals, fordi øya er knipen saman ved eit eid; tidlegare òg kalla Halsna.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.