Håkon Melberg var ein norsk språkforskar, forfattar og kulturarbeidar.
Han studerte keltiske språk og samanliknande språkvitskap i seks–sju år ved Universitetet i Oslo utan å ta nokon avsluttande gradseksamen. Han publiserte heller aldri nokon keltologiske studiar.
Det språkvitskaplege arbeidet som gjer han verdt å minnast for ettertida, er ei større avhandling på meir enn 900 sider, Origin of the Scandinavian Nations and Languages, som kom ut i to band på eige forlag – det første bandet i 1949 og det andre i 1951. Som det går fram av tittelen på verket, er dette eit arbeid som høyrer heime i fagområdet nordisk språkvitskap, samstundes som det er tverrvitskapleg og bygger på kunnskapar i mellom anna historie og arkeologi. I dette omfangsrike verket lanserte Melberg fleire hypotesar som braut med dei gjengse faglege oppfatningane i samtida. Dette brotet var truleg grunnen til at verket blei mottatt med nesten total tagnad da det kom ut; dei få omtalane som kom, var negative.
Slik var Melberg og verket hans borte frå den språkvitskaplege ålmenta i om lag femti år. Men kring hundreårsskiftet skjedde det ein snunad. Om ein ikkje nett kan kalle det ein Melberg-renessanse, er fleire og fleire fagfolk blitt merksame på Melberg og refererer til han eller har skrive om han og arbeidet hans, både om det verket som kom i bokform, og det ein veit om arbeidet hans som keltolog.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.