[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Georg Vilhelm Lyng
Fødd
24. mars 1827, Suldal, Rogaland
Død
19. mai 1884, Kristiania (no Oslo)
Verke
Filosof og religionshistorikar
Familie

Foreldre: Sokneprest Rasmus Lyng (1801–70) og Urbina Jacoba Willumsen (1806–44).

Ugift.

Georg Vilhelm Lyng
Xylografi av den norske filosofen Georg Vilhelm Lyng, 1880-talet
Av /Oslobilder/Oslo museum.

Georg Vilhelm Lyng var ein norsk filosof. Han tilhøyrde den hegelianske skulen, men var òg påverka av grundtvigrørsla og freista å sameine dei to tankesystema. Saman med læraren sin Marcus Jacob Monrad dominerte han norsk filosofi på 1800-talet. I tillegg til å ha studert i Kristiania (Oslo), studerte Lyng også i Berlin i 1859-1860. I 1869 overtok han Johan Sebastian Welhaven sitt professorat i filosofi ved Det Kongelige Fredriks Universitet (seinare Universitetet i Oslo).

Lyng skreiv doktoravhandlinga si om Friedrich von Schelling i 1867. Her kritiserte han Schelling sin «positive» filosofi og forsvarte styrken i Georg Wilhelm Friedrich Hegels system. Grundtankernes System, som kom ut i tre bind i 1882–1887, formulerer ein logikk etter Hegels mønster og påstod at denne kunne løyse konkrete spørsmål i samtida. Lyng gjekk mot den konservative teologien som la vekt på at mennesket er syndefullt og understreka derimot menneska sin fridom til å kjempe for det gode i eining med Gud.

Bakgrunn

Avgjerande for filosofen Lyng vart hans tidlege møte med Marcus Jacob Monrad. Faren til Lyng førebudde sonen til studenteksamen, men overlét sjølve innspurten til den unge stipendiaten Monrad. Slik kunne Lyng alt i 1845 få eksamenen sin og ta fatt på brødstudiet filologien. Han vart cand.philol. i 1851 og var deretter i nokre år knytt til Heltbergs Latinskole, samstundes som han dreiv filosofiske studium.

Tidlege arbeider

Monrad fylgde Lyng vidare med støtte og råd, og i 1853 oppnådde Lyng å få Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga Forskjellen mellem Platons og Aristoteles’s Psychologi. I 1858 vart han utnemnd til universitetsstipendiat i filosofi.

Snart drog Lyng utanlands. I Danmark fekk han gode vener, særleg i Grundtvig-miljøet. Han vart mellom anna kjent med den seinare kjende folkehøgskulemannen Ludvig Schrøder og magister i filosofi Frederik Clemens Bendtsen Dahl.

2. mai 1859 skriv Lyng til sistnemnde frå Berlin, der han nett har teke til med filosofistudiet. Han har alt gjort seg opp si eiga meining om dei ulike førelesarane. Frå antihegelianaren professor Trendelenburg ventar han lite, men finn han på sett og vis interessant nett fordi han er Hegels motstandar. Særmerkt for Lyng er i det heile nytten han ser i tenkjarar han ikkje sympatiserer med. Tanken arbeider i motstand og motsetnader og vinn på det. Indirekte tener difor Trendelenburg Hegels motsetningsspel, som Lyng tidleg vart interessert i, og som han såg seg kalla til å berge frå forflating og forfall: Framgangen i tilveret skjedde ikkje trass i motsetnadene, men på grunn av dei.

Lyng må ha opphalde seg fleire månader i Italia i 1860–1861. Då han kom heim, fylgde det årelange strevet med Kritiske Studier over Schelling, avhandlinga som i 1867 gav han den filosofiske doktorgraden. Her hevdar han at Schelling må prøvast på Hegel. Schelling er på rett veg så lenge han byggjer på Hegel, men på feil veg når han vender seg frå han og hamnar i sin såkalla «positive» filosofi, som berre vert spark i det tome rom. Det «nyschellingske System» vert ei villfaring slik Lyng ser det.

Forutan doktorarbeidet leverte Lyng i denne tida to interessante religionsfilosofiske verk: Hedenskabets Levnetsløb og Jødedommen. Særleg i den fyrste er Grundtvig merkande som formidlar til den norrøne religionen, som Lyng sette høgast av alle ikkje-kristne religionar. Lyng var ein vidsynt mann, men likevel titt bunden av dei kristne dogma som han prøvde å forsvare ut frå ein filosofisk ståstad. Han syntest å ha fått vanskar med dei evige helvetesstraffene. Likevel fekk både Grundtvig og Kierkegaard vere med på å frigjere Lyngs kristenliv til større inderlegdom og personleg utfalding.

Tida som professor

I 1869 vart Lyng utnemnd til professor i filosofi ved universitetet i Christiania etter Welhaven. I universitetskrinsane vart han jamt over høgt vyrd, men han var ein dårleg pedagog, og studentane fekk lite ut av dei høgttravande tankespranga hans. Fleire korte klassisk-filosofiske utgreiingar kom i dei fylgjande åra, slik som den vesle brosjyren Die Lehre des Ammonius Sakkas, der nyplatonismen stig fram som resultat av brytingar i tidlegare tiders åndsliv. Ofte parallellfører brubyggjaren Lyng frå antikken til si eiga tid, ofte med Hegels filosofi som forklaringsgrunnlag: Det nye byggjer på det som var, og alt vert med i det komande og verkar vidare der.

Afhandlinger og Kritiker er ei samling dagsaktuelle utgreiingar om problem og personar som vert sette under Lyngs skarpe lupe, mellom dei hans personlege ven, den danske grundtvigianske presten Vilhelm Birkedal, som hevda eit dualistisk syn på tilværet som Lyng fann å måtte gå imot. For grundtvigianaren Lyng var mennesket ikkje primært syndebunde, som hjå dei konservative teologane. Synda og det vonde vart snarare for det frie og gudskapte menneske ei utfordring til kamp for det gode. Og i denne kampen og til si eiga frelse verka Gud og mennesket saman, presiserer Lyng.

Lyngs siste og største verk vart det hegeldominerte Grundtankernes System. Talrike tenkjarar ber dei ulike tankesystema fram, frå dei eldste tider til dei siste. Lyng finn at det er mangt og mange det heftar manglar ved. Til dømes representerer Monrad såleis ikkje lenger nokon livskraftig hegelianisme. Men Hegel sjølv er heller ikkje alltid på høgd med sitt eige system. Likevel vert essensen i hegelianismen for Lyng alltid i og for seg uangripeleg, fordi systemet byggjer på mennesketankens ibuande kraft til verksemd og utfalding. Hegelianismen vert såleis vel brukande til den oppgåva Lyng set føre i føreordet sitt – løysinga av «alle Tidens brændende Spørgsmaal».

Georg Vilhelm Lyng døydde 1884. Ifølgje Birkedal døydde han som «en ydmyg Kristen». Kanskje byggjer han på den lange og djupt følte nekrologen over Lyng i Bergensposten om filosofens liv og siste timar.

Utgjevingar

  • «Forskjellen mellem Platons og Aristoteles’s Psychologi», i Norsk Tidsskrift for Videnskab og Literatur 7, 1853, s. 289–327
  • Kritiske Studier over Schelling med specielt Hensyn til Forholdet mellem Schellingianismen og Hegelianismen, doktoravhandling, 1865
  • Hedenskabets Levnetsløb. Atten populære Foredrag, 1866 (dansk utg. Hedenskabet, København 1872)
  • Om Mand og Kvinde i deres Forhold til Christus. Fem foredrag, 1866
  • Jødedommen. Ti populære Foredrag, 1867
  • Om Grundtvigianismen i dens dogmatiske Modsætning til Skrifttheologien, Odense 1871–72 (omarb. utg. Grundtvigianismen og Skrifttheologien, København 1872)
  • Die Lehre des Ammonius Sakkas, 1875
  • «Philosophische Studien», i VSK Forh. 1877
  • Afhandlinger og Kritiker, 1880
  • Lærebog i den objektive Logik, 1881
  • Modskrift mod A. Garborg: Den religiøse Erkjendelses Princip. Foredrag i Studentersamfundet lørdag den 19de marts 1881, 1881
  • Betegner den moderne Naturalisme i Poesien et Fremskridt eller et Forfald? Foredrag holdt i Studentersamfundet lørdag den 2den november 1882, 1882
  • Grundtankernes System. En udførligere Fremstilling af Logiken, 3 bd., 1882–87
  • Lærebog i Psykologi tilligemed Etikens Fundamentalbegreber, 1884

Etterlatne papir

  • Brevveksling millom Lyng og Bjørnstjerne Bjørnson, i Bjørnson-arkivet, NBO

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holm, Søren. Filosofien i Norden før 1900. København 1967.
  • Lundestad, Erik. Norsk filosofi fra Ludvig Holberg til Anathon Aall. Tromsø 1998.
  • Veland, V. (red.): Georg Vilhelm Lyng. Forsoningens tolker, Norsk filosofi i det 19. århundre 7, 1997

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg