[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Innbyggjartal
3419 (SSB, 2023)
Landareal
1,7 km²
Tettstadsnummer
5321 Frekhaug

Frekhaug er ein tettstad i Alver kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,7 km², og har 3419 innbyggjarar (2023).

Frekhaug ligg lengst søraust på Holsnøy. Frekhaug var administrasjonssenter i den tidlegare kommunen Meland.

I Frekhaug er det variert industri, som til dømes stålstøperi. I tettstaden ligg dessutan Nordhordland folkehøgskule, som er den største folkehøgskulen i landet. Frekhaug har fastlandssamband via Krossnessundbrua på fylkesveg 564 til Flatøy like nord for tettstaden, og herfrå går E39 via Nordhordlandsbrua vidare sørover til Bergen.

Namnet. Første ledd av namnet Frekhaug er kanskje eit bortkommet elvenamn, Freka (av norrønt frek, 'grådig, streng').

Kart

Frekhaug
Frekhaug
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg