[go: up one dir, main page]

Eilif og Eiliv er mannsnamn med same norrøne opphav, Ei-lífr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘arving’.

Namnet har fleire variantar: Eilef, Eilev, Eilif, Eiliv, Ellef, Ellev.

Namnedag er 24. oktober. Eivor har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Eilif

Eit utval personar med namnet Eilif, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 704 menn i Noreg som hadde Eilif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 16 gutar som fekk namnet Eilif.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med ei rekkje andre tostava nordiske namn hadde Eilif toppfasen sin i fyrste halvdel av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Eilif frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Eilif frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eilif på 1800-talet.

Eilif var mest brukt i Aust-Agder, Bergen, Nordland og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eilif på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Eilif var mest brukt i Aust-Agder, Bergen, Nordland og Finnmark.

Historisk bruk av namnet Eilif
Historisk bruk av namnet Eilif
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg