Eidsbugarden er ein turiststad i Vang kommune i Innlandet fylke, ved vestenden av innsjøen Bygdin, i den sørlege delen av Jotunheimen. Staden har blant anna hotell, turisthytte (DNT-hytta Fondsbu) og hytteområde.
Det går veg inn til Eidsbugarden frå Tyinkrysset på E16. Over Bygdin går det rutebåt til fylkesveg 51 i Øystre Slidre. Frå Eidsbugarden går mange varda turistruter innover i Jotunheimen.
Ved Eidsbugarden står Ståle Kyllingstads bautastein over diktaren A. O. Vinje, som skapte omgrepet Jotunheimen. Vinjestova ved Eidsbugarden vart reist av diktaren og venene hans i 1868. Ho inngår nå i eit lite høgfjellsmuseum. Kvart år i juli blir musikkfestivalen Vinjerock arrangert på Eidsbugarden.
Namnet er samansett av eid (Eidet mellom Bygdin og Tyin) og bu og gard; brukt av Vinje på eit «Pantebrev» i 1868.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.