Deir el-Medina er det arabiske namnet på den gamalegyptiske landsbyen Set-Maat («sanninga sin stad»), som ligg på vestbreidda av dagens Luxor. Landsbyen vart moglegvis grunnlagt under Amonhotep I (ca. 1525-1504 fvt.), og hadde sin glansperiode i dynasti 19 og 20 (ca. 1292–1077 fvt.), då innbyggjartalet kan ha nådd 500. Deir el-Medina vart fråflytta mot slutten av dynasti 20.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Deir-el-Medineh, Dayr al-Madīnah
gammelegyptisk Set Maat
Den mannlege delen av innbyggjarane arbeidde med få unntak med utsmykkinga av gravkammera i Konganes dal og Dronninganes dal. Utsmykkinga var av biletleg og skriftleg karakter. Konsensus av egyptologar hevdar arbeidarane sitt yrke kan forklare grunnen til at landsbyen hadde så høg prosent av skrivekyndige, og at eit så stort tal skriftlege kjelder har overlevd frå landsbyen. Desse kjeldene har gjeve oss eit unikt innblikk i ein tidsperiode på cirka 400 år. Landsbyen er den viktigaste kjelda til vår forståing av sosiale forhold i Det gamle Egypt.
Kjeldene seier lite om verda utanfor landsbyen, men er snarare retta mot kvardagslege problemstillingar som arbeidsorganisering, økonomi, samfunn, utdanning, juss og religion.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.