Celine er eit kvinnenamn som kan komme av fransk Céline som er kortform av det latinske Marcellina avleidd av mannsnamnet Marcus. Celine kan også gå tilbake til latin Caelina laga til slektsnamnet Caelius som truleg har opphav i caelum med tydinga ‘himmel’.
Celine (kvinnenamn)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 898 kvinner i Noreg som hadde Celine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 51 jenter som fekk namnet Celine.
Utvikling i bruk av namnet
Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Celine, som var mest brukt 2000–2004, gjeld dette til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Celine – og det relaterte Celina – var på topp samtidig (2000–2004), og dei har nokså lik kurveprofil. Celine er brukt omtrent dobbelt så mykje som Celina.
Utvikling i bruk av namnet Celine frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.