Austbygde er ein tettstad i Tinn kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 392 innbyggjarar (2023).
Tinn Austbygd strekkjer seg frå Tinnsjå nordover til fylkesgrensa mot Buskerud, og omfattar Tessungdalen og fjellviddene omkring. Austbygdåe er verna mot kraftutbygging.
Austbygde kyrkje ligg fem kilometer nord for tettstaden. Kyrkja er bygd i tre og vart oppført i 1888.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.