[go: up one dir, main page]

Versj. 15
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 8. august 2024. Artikkelen endret 2680 tegn fra forrige versjon.

Gabriel Schanche Kielland var ein norsk grosserar og skipsreiar. Han var ein av Stavangers leiande kjøpmenn og reiarar ved inngangen til 1800-talet.

Kielland voks opp som einaste son i ein velståande kjøpmannsheim. Han valde likevel ikkje opplæring i handelskunnskap i utlandet, slik far hans hadde gjort. Kielland var opptatt av det rike åndslivet i samtida og valde å studera klassisk filologi. Faren trong etter kvart kontorhjelp i forretningsverksemda grunna sviktande helse. Gabriel stilte opp, men gjekk likevel ikkje inn som juniorsjef.

Kielland tok i 1783 borgarbrev i Stavanger og starta eiga handelsverksemd. Først hausten 1787 vart Gabriel tatt opp som kompanjong. Han løyste seinare ut systrene sine som eigarar og vart eineeigar av både eigedomane og handelshuset etter faren. I 1790 slo han dei to verksemdene saman til eitt firma, som heldt fram under namnet Jacob Kielland & Søn.

Kielland var ein dyktig forretningsmann. Han starta med ein nedarva tillit og eit godt innarbeidd firma. Gode innanlandske og utanlandske forretningskontaktar gav han også eit godt startgrunnlag. Han skal også ha vore meir handlekraftig og hadde ei meir solid allmennutdanning enn faren, men han mangla brei erfaring innan handelsyrket. Han gjennomførte difor i 1780- og 1790-åra lange studiereiser i Norden og i Storbritannia og Holland for å vidareutvikla dei kontaktane faren hadde bygd opp, og for å etablera nye. Firmaet Jacob Kielland & Søn vart under Kielland det leiande handels- og reiarfirmaet i Stavanger.

Berre 27 år gamal vart han utnemnd til kaptein i borgarvæpninga i Stavanger, og året etter vart han vald til formann for byens eligerte menn. Etter kvart fylte han fleire andre kommunale tillitsverv, mellom anna fleire konsulære oppdrag. Som britisk visekonsul førte dette mellom anna til at han i 1790-åra fekk hindra at eit par britiske fregattarkapertokt krenka Danmark-Norges nøytralitet.

Kielland viste eit vidt samfunnsengasjement, mellom anna i saker som militære spørsmål, vegspørsmål, fyrspørsmål og losspørsmål, han starta oppdyrking av Egenæsløkkene vest for byen og organiserte leseselskap. Han gav 1000 riksdalar til eit arbeidshus for byens arbeidslause, og ikkje sjeldan vart byens utgifter finansierte ved lån frå Kielland. Denne rastlause aktiviteten var forankra i radikalisme og rasjonalisme. Han er karakterisert som opplysningsven, filantrop og patriot, og var opptatt av Voltaire. Samtidig vart røtene tilbake til ei kristen openbaringstru aldri heilt brotne.

Kielland vart påskjøna for sitt samfunnsengasjement ved å bli utnemnd til hoffagent med justisråds rang i 1803, og i 1809 vart han riddar av Dannebrogordenen. Eit lite tilbakeslag må det difor ha vore då han i 1814 ikkje vart valt til byens representant til riksforsamlinga på Eidsvoll. I staden valde byen den yngre og meir folkelege motkandidaten P. V. Rosenkilde. Derimot vart Kielland vald til stortingsrepresentant året etter. Rett nok møtte han ikkje på grunn av sjukdom, men valet må ha gitt han ei kjensle av oppreising.

I ettertid er Kielland kanskje mest kjent som «gamlekonsulen» i oldebarnet Alexander Kiellands roman Garman & Worse, og like utanfor Stavanger sentrum står det staselege landstedet hans, Ledaal, som eit konkret vitnemål om både tida og mannen. Namnet Ledaal hadde Kielland laga av sistebokstavane i namna til seg sjølv og kona – GabrieL SchanchE KiellanD og JohannA MargarethA BulL.

  • Jakob Kielland & Søns forretningsprotokoller (kopibøker, rekneskapsbøker m.m.) i UBO
  • papir vedrørande familien og handelshuset Jacob Kielland & Søn i Stavanger Museum
  • A. C. Z. Kielland: Stamtavle over Familien Kielland, Stavanger 1878
  • A. C. Z. Kielland: Familien Kielland med dens kognatiske Ascendents, 1897
  • H. Hals II: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 7, 1936
  • J. Lunde: Handelshuset bak Garman & Worse. Jacob Kielland & søn, 1963