[go: up one dir, main page]

Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 12. juni 2024. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Selmar er eit mannsnamn (kjent frå 1870) som kan vere avleidd av kvinnenamnet Selma. Selmar kan også vere eit tysk namn med etterleddet -mar med tydinga ‘berømt’. Forleddet Sel- i det tyske namnet kjem av det gammalhøgtyske ordet sal som tyder ‘sal, hall’.

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Selmar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.