Det Norske Teatret er eit nasjonalteater i Oslo som spelar teater på nynorsk og norske dialektar. Teateret starta som eit lite, men ambisiøst nynorskteater i 1913 og utvikla seg i løpet av få tiår til å verte eit nynorsk nasjonalteater, kunstnarleg og kommersielt likestilt med Nationaltheatret.
Teatersjef sidan januar 2011 er Erik Ulfsby.
Historikk
L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Hulda og Arne Garborg var pådrivarar for å grunnleggje teateret, og Arne Garborg heldt i 1898 eit viktig foredrag som argumenterte for at det var nødvendig med eit eige landsmålsteater. Teateret skulle verte ein reiskap for å utvikle ein felles talemålsnormal for landsmålet, argumenterte Garborg. Det skulle samstundes vere eit utstillingsvindauge for nynorsken midt i hovudstaden.
Først 15 år seinare opna teateret. Då hadde Hulda Garborg i to år turnert landet rundt med prøvekluten Det Norske Spellaget, som var eit reint turnéteater for landsmålsdramatikk. Suksessen til spellaget synte behovet og marknaden for eit eige landsmålsteater. Det Norske Teatret si opningsframsyning var i Kristiansand 2. januar 1913, ei dobbeltframsyning av Ivar Aasens Ervingen og Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstell. Teateret hadde si første framsyning i hovudstaden hausten same året, 6. oktober 1913.
Teateret fekk mykje hard kritikk dei første tiåra og vart ofte oppfatta som eit dilettantisk programteater, men frå midten av 1930-åra og til i dag har teateret etablert seg som det andre norske nasjonalteatret og den viktigaste einskildinstitusjonen for nynorskrørsla.
Ein blodig start
I Kristiania opna Det Norske Teatret med Ludvig Holbergs Jeppe på Bjerget, omsett til landsmål av Arne Garborg. Kong Haakon 7 overvar den høgtidlege premieren, men ei veke seinare utløyste det same stykket store massedemonstrasjonar utanfor teaterbygningen og eit regelrett slagsmål inne i teateret. Omsetjinga av den dansk-norske klassikaren til landsmål provoserte i første omgang gymnasiastar i hovudstaden til organiserte pipekonsertar. Delar av publikum gjekk fysisk til åtak på demonstrantane, og det utvikla seg eit masseslagsmål i teatersalen.
I fleire dagar var det stor uro under framsyningane, og ei stadig større menneskemengd møtte fram utanfor teateret for å demonstrere og vere med i opptøyane etter framsyningane. Den verste opprørsnatta, natt til 17. oktober, kan det ifølgje samtidige aviser ha vore så mange som 20 000 menneske omkring teateret. Det vekelange opprørert blir kalla Teaterslaget.
Det Norske Teatret har heile tida hatt base i Oslo og i varierande grad drive turnéverksemd i resten av landet. Dei første tiåra heldt teateret til i Teatersalen i Bondeungdomslagets Bøndernes Hus, i 1930-åra var det tre sesongar i lokala til Centralteatret, under krigen på St. Olavs plass og frå 1945 til 1985 i Stortingsgata 16. Planane om å byggje eit eige hus hadde vore ei prioritert oppgåve i 72 år då teateret i 1985 kunne innvie nybygget i Kristian 4.s gate, som hyser teateret i dag.
Her speler teateret på tre ulike scener og driv parallelt eit kulturtilbod som omfattar mellom anna lunsj & lyrikk, matinear, utleigeverksemd og eventyrstund for born. Det har totalt hatt over 1000 premierar sidan starten i 1913.
I 2019 etablerte Det Norske Teatret seg på Rommen Scene i Groruddalen, som ein del av teateret si satsing på større mangfald. Her visar teateret produksjonar frå repertoaret og nye framsyningar med ein ung profil, spesielt retta mot nye publikumsgrupper.
Kunstnarlege høgdepunkt
Den første tida var det primært innanfor folkekomediesjangeren teateret gjorde seg gjeldande, med over 700 framsyningar av den svenske farsen Bröderna Östermans Huskors som eit kommersielt høgdepunkt. Det kunstnarlege gjennombrotet for teateret kom i 1920-åra, då Agnes Mowinckel var instruktør.
Den mest omdiskuterte og epokeskapande einskildframsyninga i teateret si historie er truleg Hans Jacob Nilsens såkalla avromantiserte framsyning av Peer Gynt i 1948. Her vart Peer Gynt spelt med nykomponert musikk av Harald Sæverud, omsett til nynorsk av Henrik Rytter og med større vekt på Henrik Ibsens satiriske intensjonar enn den heroiserande Peer Gynt-tradisjonen som dominerte før denne framsyninga.
Teateret har alltid prioritert musikkteater og importerte allereie frå 1949 populære musikalar frå Broadway. Det Norske Teatret vart i Tormod Skagestads sjefstid (1960–1979), med Egil Monn-Iversen som musikalsk leiar, det førande musikkteateret i Noreg. Arvtakaren etter Skagestad, Svein Erik Brodal, som var teatersjef frå 1979 til 1990, førte denne tradisjonen vidare og fekk sett opp to av dei største musikalsuksessane i teateret si historie, med Cats i 1985 og Les Miserables i 1988.
Vossingen Lars Tvinde sa den første offisielle replikken på teateret 2. januar 1913, og han var heilt til 1957 ein lojal medlem av ensemblet ved teateret, samstundes som han utvikla seg til å verte den største skodespelaren og ein god representant for teateret.
Nynorskens hus
Det Norske Teatret er i dag den store samlande nynorskinstitusjonen i landet og har såleis realisert Arne Garborgs draum om eit utstillingsvindauge for nynorsken midt i hovudstaden. Det har samstundes løyst oppgåva med å etablere ein talemålsnormal for nynorsken. Då NRK starta dei første sendingane sine, var Det Norske Teatret ein sjølvsagd samarbeidspartnar for å utvikle ei nynorsknorm for kringkastinga.
Verre har det vore å dyrke fram ein eigen nynorsk dramatisk kanon, noko teateret heile tida har sett som ei viktig oppgåve. Då teateret starta, var det berre Arne Garborgs Læraren frå 1896 som heldt mål litterært sett, sjølv om både Ivar Aasen, Hulda Garborg, Oskar Braaten og Sigurd Eldegard hadde skrive fleire populære stykke på nynorsk. Initiativtakarane bak teateret trudde at god nynorsk dramatikk ville kome av seg sjølv når Det Norske Teatret var vel etablert, men denne strategien skulle vise seg å slå feil.
Teateret har prioritert nynorsk dramatikk høgt på repertoaret i alle år. Men medan teateret har lukkast med å dramatisere nynorske romanar, har det vorte skapt påfallande få nynorske dramatiske suksessar, før Jon Fosse fekk sitt nasjonale og etter kvart internasjonale gjennombrot som dramatikar i andre halvdelen av 1990-åra. Det Norske Teatret hadde urpremieren på det første stykket Fosse skreiv, Nokon kjem til å komme, men det var Den Nationale Scene i Bergen som først sette opp Fosse, og som skal ha størsteparten av æra for at prosaisten Fosse byrja å skrive for teateret.
Dramatikar Arne Lygre sitt første teaterstykke på nynorsk, Tid for glede, vart på si side ein stor kritikar- og publikumssuksess og ei viktig hending i norsk scenekunst. Urpremieren på Hovudscenen i 2022 fann stad etter to år med strenge koronatiltak og stengde teater- og konserthus over heile landet, og vart ein sigar for teateret.
Teatersjefar
Periode | Teatersjef |
---|---|
1912–1915 | Rasmus Rasmussen (1862–1932) |
1915–1916 | Edvard Drabløs (1883–1976) |
1916–1917 | Amund Rydland (1888–1967) og Anton Heiberg (1878–1947) |
1918–1920 | Amund Rydland (1888–1967) og Sigurd Eldegard (1866–1950) |
1920–1922 | Amund Rydland (1888–1967) |
1922–1933 | Ingjald Haaland (1885–1952) |
1933–1934 | Hans Jacob Nilsen (1897–1957) |
1934–1936 | Oskar Braaten (1881–1939) |
1936–1942 | Knut Hergel (1899–1982) |
1942 | Edvard Drabløs (1883–1976) |
1942–1945 | Cally Monrad (1879–1950) |
1945 | Edvard Drabløs (1883–1976) |
1945–1946 | Knut Hergel (1899–1982) |
1946–1950 | Hans Jacob Nilsen (1897–1957) |
1950–1951 | Edvard Drabløs (1883–1976) |
1951–1953 | Ole Barman (1897–1983) |
1953–1961 | Nils Sletbak (1896–1982) |
1961–1979 | Tormod Skagestad (1920–1997) |
1979–1990 | Svein Erik Brodal (født 1939) |
1990–1997 | Otto Homlung (født 1943) |
1997–2010 | Vidar Sandem (født 1947) |
frå 2011 | Erik Ulfsby (født 1970) |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Litteratur
- Braaten, Oskar, red. (1938): Det Norske Teatret : dei fyrste femogtjuge åra. Oslo: Det Norske Samlaget. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Dalgard, Olav (1953): Det Norske Teatret. Oslo: Noregs Boklag. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Fidjestøl, Alfred (2013): Trass alt : Det Norske Teatret : 1913-2013. Oslo: Det Norske Samlaget
- Homlung, Otto, red. (1994): Inn i Det Norske Teatret. Oslo:Det Norske Teatret. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Mæhle, Leif, red. (1988): Det Norske teatret 75 år : 1963-1988. Oslo: Det Norske Samlaget. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Sletbak, Nils, red. (1963): Det Norske teatret : femti år 1913-1963. Oslo: Det Norske Samlaget. Les boka hos Nasjonalbiblioteket