Petra er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamna Peter, Petter og Petrus.
Namnedag er 1. august. Peder har også namnedag denne dagen.
Personar med namnet Petra
Kulturell bruk
- Petra er hovudperson i Bjørnstjerne Bjørnsons «Fiskerjenten» (1868).
- Kjærasten til 91 Stomperud (i «Norsk Ukeblad» frå 1937) heiter Petra. Namnet var populært mot slutten av1800-talet, men gjekk deretter gradvis tilbake.
Kjende personar med namnet Petra
Eit utval personar med namnet Petra, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Petra Lie (1848–1907)
- Petra Kelly (1947–1992)
- Petra Hůlová (1979)
- Petra Majdič (1979)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 273 kvinner i Noreg som hadde Petra som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 30 jenter som fekk namnet Petra.
Utvikling i bruk av namnet
Petra har ein noko annan kurveprofil enn andre tostava namn på -a. Til liks med nokre andre tostava namn på -a, til dømes Arna og Berta, hadde Petra ein topp rundt år 1900, men i motsetning til tostava namn på -a med to markante toppar, til dømes Ebba og Alma (både rundt år 1900 og 2000), hadde Petra berre eit svakt oppsving på 2000-talet. Det er neppe teikneseriefiguren Petra i «Stomperud» som har medverka til oppsvinget.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Petra var mest brukt i Nordland.