[go: up one dir, main page]

Versj. 48
Denne versjonen ble publisert av Lars Mæhlum 2. juni 2023. Artikkelen endret 165 tegn fra forrige versjon.

Gausdal er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen svarer omtrent til Gausas dalføre med sidedalar. Grensa i aust går øvst i dalsida mot Gudbrandsdalslågen (Øyer kommune), og i sør tek Lillehammer den nedste delen av dalføret. Resten av sørgrensa går over fjellviddene mot Valdres (Gausdal Vestfjell, også kalla Langsua). Nordgrensa går også over fjellvidder i 1000 meter-nivået og deler Espedalsvatnet med Sør-Fron.

Gausdal kommune blei danna i 1962 ved samanslåing av Østre Gausdal og Vestre Gausdal, som i tida 1879–1962 var eigne kommunar.

Berggrunnen er skifer i dalane og næraste del av Vestfjellet. Elles er berggrunnen stort sett sparagmitt. Det er gjort fleire malmfunn, og på 1800-talet blei det mellom anna drive nikkelgruver i Espedalen.

Dei lågare høgdedraga er skogkledde, medan det er mykje snaufjell i dei høgare delane i nord og vest. I nord ligg Skeikampen (1124 meter over havet) og Prestkampen (1244 meter over havet) på grensa til Ringebu. Over setergrendene og myrane i sørvest hevar mellom anna Ormtjernkampen (1123 meter over havet) seg med urørt fjellskog. Heile Vestfjellet og ein del fjellskog er statsallmenning. Heilt i nordvest når Nordre Langsua 1553 meter over havet på grensa til Sør-Fron. Vidda og skogområda i vestre del av kommunen er verna som nasjonalpark, sjå Langsua nasjonalpark. Dei vidstrekte myrområda omkring elvene Hynna og Mossa er internasjonalt verna etter Ramsar-konvensjonen.

Det meste av busetjinga finst innan ein radius på 10 kilometer frå administrasjonssenteret Segalstad bru. Gausdal har hatt eit innbyggartal mellom 5000 og 7000 sidan 1830-åra, med toppar omkring 1860 og 1950. Sidan 1980 har folketalet vore nokså stabilt. I tiårsperioden 2013–2022 gjekk folketalet tilbake med 1 prosent.

Jordbruket er for det meste prega av husdyrhald og fôrproduksjon. Husdyra utnyttar også fjellbeite. Skogbruket har mykje å seie. Etter Lillehammer er Gausdal den mest skogrike kommunen i Gudbrandsdalen. I 2016 var avverkinga 73 000 m3, i hovudsak gran. I alt 8,1 prosent av arbeidsstyrken er sysselsett i primærnæringane (2021), mot 2,3 prosent i landet samla sett.

Trelast- og trevareindustrien står for halvdelen av industrisysselsetjinga. Gausdal Bruvoll er det største andelssagbruket i landet. Pretre har takstolfabrikk på Segalstad bru. Her ligg også anlegget til Q-Meieriene.

Gausdal er ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 53 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 473 meter.

Kommunen har stor turisme, særleg i vintersesongen. I fjellet er det fleire høgfjellshotell, i tillegg til mange private hytter og fjellstover. Store område er lagde ut for hyttebygging; i perioden 2006–2022 auka talet på fritidsbustader med 48 prosent, og talde 3100 einingar i 2022.

Gausdal har eit underskot på arbeidsplassar, med ei netto utpendling som svarer til 29 prosent av arbeidsstyrken (2021). Om lag ein tredel av dei yrkesaktive i Gausdal pendlar til Lillehammer.

Fylkesveg 255 (Vinstra–Fåberg) går gjennom Vestre Gausdal, fylkesveg 254 (Segalstad bru–Tretten) går gjennom Østre Gausdal. Frå Østre Gausdal går Peer Gynt-vegen mot nordvest forbi Skeikampen og over fjellet til Vinstra. Frå Forset i Vestre Gausdal går det fjellveg sørvestover til Etnedal og Valdres. Vegnettet har mykje å seie for turisttrafikken.

Gausdal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Lillehammerregionen saman med Lillehammer og Øyer.

Gausdal kommune svarer til dei fem sokna Aulstad, Follebu, Svatsum, Vestre Gausdal og Østre-Gausdal i Sør-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gausdal til Søndre Gudbrandsdalen fogderi (futedømme) i Kristians amt.

For statistiske formål er Gausdal kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 33 grunnkrinsar:

  • Østre Gausdal: Engjom 1, Engjom 2, Engjom 3, Myra 1, Myra 2, Myra 3, Myra 4, Fjerdum 1, Fjerdum 2, Fjerdum 3, Fjerdum 4, Fjerdum 5, Follebu 1, Follebu 2, Follebu 3, Follebu 4, Follebu 5, Follebu 6
  • Vestre Gausdal sør: Forseth 1, Forseth 2, Forseth 3, Forseth 4, Forseth 5, Auggedal 1, Auggedal 2, Vestfjell 1, Vestfjell 2
  • Vestre Gausdal nord: Bødal, Olstad, Børde, Nedre Svatsum, Øvre Svatsum, Espedalen

Veisten Gård er ein tidlegare skysstasjon frå 1846 med gammalstove frå 1700-talet. Nord for Follebu ligg Bjørnstjerne Bjørnsons heim Aulestad. På Segalstad bru er det minnesmerke frå trefningar i 1940. I Vestfjellet ligg Kittilbu utmarksmuseum. Den tidlegare folkehøgskulen Vonheim sør for Aulestad er i dag mellom anna museum. Østre Gausdal kyrkje er eit langskipa steinkyrkje i romansk stil, bygd i perioden 1250–1300, påbygd i 1715. Vestre Gausdal kyrkje er ei krosskyrkje i tre, bygd i 1784.

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har ei deling av blått og sølv ved eit enkelt utskrånande trappesnitt. Det illustrerer typiske fjellformasjonar i kommunen.

  • Gausdal bygdehistorie, utg. av Gausdal kommune, 1987–92, 6 bind. Les bøkene på nb.no: Bind 1 Bind 2 Bind 3 Bind 4 Bind 5 Bind 6
  • Kleiven, I.: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen: Østre og Vestre Gausdal, 1926, Les boka