[go: up one dir, main page]

Versj. 5
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 22. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Karen er eit dansk kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Karen, Kari, Karin, Carin, Karn.

Namnedag er 2. august. Karin og Karina har også namnedag denne dagen.

Eit utval personar med namnet Karen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

I perioden 1900–2017 var det omtrent 15100 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Karen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.