[go: up one dir, main page]

Versj. 9
Denne versjonen ble sendt inn av Kristin Jernsletten 31. mai 2022. Innsenders kommentar til endringsforslaget: «Frå Allkunne. Skal samskrivast.». Den ble godkjent for videre bearbeding 1. juni 2022. Artikkelen endret 1736 tegn fra forrige versjon.

Frå Allkunne:

Duodji er det samiske namnet på handlaga samiske bruksgjenstandar som klede, smykke og utsmykking, reiskapar, fangstreiskapar og husgeråd som vesker og pungar, trekoppar, mjølkekoppar, pulkar og ski med meir.

Omgrepet vert i dag brukt om tradisjonelt samisk handverk, kunst, kunsthandverk og husflid. Duodji vert òg brukt om det som vert laga, og om det å lage noko. Tradisjonelt brukte ein naturmateriale frå rein og andre dyr, som skinn, lær, pels, ull, horn og bein, forutan tre, trerøter, glasperler, tinn og sølv, og etter kvart òg andre metall, materialar og tekstilar. Kjenneteiknet til duodji er at materiala vert utnytta best mogleg, og materialeigenskapane er med på å prege prosessen fram til det ferdige produktet. Samisk handverk vert utført etter gamle tradisjonar, men vert tilpassa nye arbeidsteknikkar og bruksområde. Tidlegare var opplæring i duodji ein naturleg del av oppsedinga og opplæringa i heimen, slik at kunnskapen vart overført frå generasjon til generasjon. I Noreg i dag ligg yrkesutdanninga i utdanningsprogrammet Design og handverk i den vidaregåande skulen, og ein kan studere duodji heilt opp til master- og PhD-nivå. Sámi Duodji-merket er eit varemerke for samisk sløyd som fortel om produktkvaliteten, at det er laga av samar, det skal verne samiske sløydprodukt frå kopiering og illojal konkurranse og vere med på å gjere kvaliteten på samiske handverksprodukt betre. På same tid viser det at samisk handverk er ein levande tradisjon. Retten til å bruke Sámi Duodji-merket vert gitt til samar med utdanning eller erfaring i samesløyd. Produkt som vert rekna som suvenirar og ikkje til tradisjonell bruk, får ikkje duodji-merket.

----------------------------------------

er det tradisjonelle, samiske handverket og kunsthandverket. Duodji-opplæringa var tidlegare ein sjølvsagd del av oppsedinga. I dag er Sámi duodji-merket eit nordisk samisk sløydmerke som garanterer at produktet er laga etter samiske handverkstradisjonar og at det er brukt tradisjonelle materiale og teknikkar.

Duodji blir omfatta av lærlingordninga, og opplæringa skjer normalt ved to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Skuledelen består av grunnleggjande kurs i handverksfag og vidaregåande kurs i duodji. Opplæringa i bedrift blir avslutta med fagprøve. Duodji er i dag særskild studiefag ved Sámi allaskuvla i Guovdageaidnu/Kautokeino. Yrkesnemninga er duojár, duodjár eller vytnesjæjja.

  • Dunfjeld, Maja. 2006. Tjaalehtjimmie, form og innhold i sørsamisk ornamentikk.
  • Dunfjeld, Maja, mfl. 2018. Aerpiemaahtoe – Åarjelsaemien duedtien baakoe.
  • Guttorm, Gunvor: Duoji bálgát – en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk, 2001
  • Kihlberg, Kurt: Giehta dáidu: den stora boken om samernas slöjd, 1999
  • Mårtensson, Hans: Samisk form och tradition, 1999
  • Racz, Istvan m.fl.: Samisk kultur og folkekunst, 1972
  • Ottar (Tromsø), 1987, nr. 2 = nr. 165