Duodji er det tradisjonelle, samiske handverket og kunsthandverket. Duodji-opplæringa var tidlegare ein sjølvsagd del av oppsedinga. I dag er Sámi duodji-merket eit nordisk samisk sløydmerke som garanterer at produktet er laga etter samiske handverkstradisjonar og at det er brukt tradisjonelle materiale og teknikkar.
Duodji blir omfatta av lærlingordninga, og opplæringa skjer normalt ved to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Skuledelen består av grunnleggjande kurs i handverksfag og vidaregåande kurs i duodji. Opplæringa i bedrift blir avslutta med fagprøve. Duodji er i dag særskild studiefag ved Sámi allaskuvla i Guovdageaidnu/Kautokeino. Yrkesnemninga er duojár, duodjár eller vytnesjæjja.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Dunfjeld, Maja. 2006. Tjaalehtjimmie, form og innhold i sørsamisk ornamentikk.
- Dunfjeld, Maja, mfl. 2018. Aerpiemaahtoe – Åarjelsaemien duedtien baakoe.
- Guttorm, Gunvor: Duoji bálgát – en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk, 2001
- Kihlberg, Kurt: Giehta dáidu: den stora boken om samernas slöjd, 1999
- Mårtensson, Hans: Samisk form och tradition, 1999
- Racz, Istvan m.fl.: Samisk kultur og folkekunst, 1972
- Ottar (Tromsø), 1987, nr. 2 = nr. 165