[go: up one dir, main page]

Versj. 21
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 1. november 2021. Artikkelen endret 1 tegn fra forrige versjon.

Hommersåk er ein tettstad i Sandnes kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,3 km², og har 6571 innbyggjarar (2021).

Hommersåk ligg ca. 13 km nordaust for Sandnes sentrum. Hommersåk ligg inst i Riskafjorden, ein fjordarm som frå munningen av Gandsfjorden fører rundt tre km søraustover mellom fastlandet og øya Uskjo (Usken). I Hommersåk ligg Riska kyrkje, ei kyrkje i mur bygde i 1999. Tettstaden er i dag eit viktig handelssenter.

Hommersåk er ein tradisjonsrik industristad. Det starta med eit møllebruk i 1878, og sidan har staden hatt ei svært variert industriverksemd, mellom anna sildolje- og gjødselproduksjon, båtbygging, trevareindustri, mellom anna møbelindustri og tønneproduksjon, tekstilindustri, osb.

Namnet. Første ledd i namnet er visstnok hummar, men namnet er ikkje sikkert forklart.